Dei siste par åra har Eva Weel Skram for alvor tatt steget opp til å bli ein av Norge sine aller mest folkekjære artistar. Heilt sidan Eva starta å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta.

Høgdepunkta frå dei siste åra er mange.

”Selmas Sang” var temalåt for NRKs si storsatsning Snøfall, og Eva si framføring av den vakre singelen ”Berre la meg vær” på NRK Lindmo var gripande og personleg, og trefte publikum rett i hjartet. Utselde hus i Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og fleire festivalspelingar har opna augene til publikum rundt om i landet, som vender tilbake gong på gong.
Singlar som ”Hold meg” og den aller nyaste ”Om du vil” har blitt lagt til rekkja av tidlegare hits frå ”Hver gang vi møtes” og Eva & The Heartmaker.

Hausten 2018 gav Eva ut sitt aller første norskspråklege album – «Finne heim» , og laurdag 2. februar kjem ho til Hotel Alexandra!
Det er berre å glede seg til denne flotte konserten frå heile Noregs
Eva Weel Skram.
Konserten er inkludert for våre buande gjester.


Helg fredag-søndag: Frå kr 3.080,- pr person i dobbeltrom inkludert middag og frukost samt konserten laurdag kveld. Fri bruk av Alexandra Bad.
(kun 2 netter)