Klikk her for informasjon om Di Helg (pdf)


For bestilling av Di Helg, send epost til: alex@alexandra.no eller ring salsavdelinga på 57 87 50 50 

 

PROGRAM:

Fredag 1. november
18.30 Oppmøte i Loensalen - Informasjon,
         presentasjon av foredragshaldar/kursleiar 
         og påmelding til aktivitetar
19.30 Middag 

Laurdag 2. november
08-20 Spa avdelinga er open heile dagen, fri inngang
08.00 Yoga til fjells med Antonia Genta
         - Inne på nedre del av Hoven Restaurant
         (Hugs å ta med eiga yoga matte)
10.30 Spinning 60 min
10.30 Mindfulness med Line Katrin Moe, 75 min
12-16 Di tid
16.00 Spinning 60 min
16.00 Mindfulness med Line Katrin Moe, 75 min
16.00 Trening og danseglede med Antonia Genta
18.00 Foredrag med Carina Hultin Dahlmann
18.00 Musserande vinsmaking 350,-
19.15 Middag

Søndag 3. november
08-20 Spa avdelinga er open heile dagen, fri inngang
08.00 Yoga til fjells med Antonia Genta
         - Inne på nedre del av Hoven Restaurant
         (Hugs å ta med eiga yoga matte)
10.30 Mindfulness med Line Katrin Moe, 75 min
11.00 Trening og danseglede med Antonia Genta

 

Prisar Di Helg (fredag-søndag):

Pr person i dobbelt medium rom 4450,-
Pr person i dobbelt deluxe rom 5250,-
Enkelt medium rom 5150,-

Inkludert i Di Helg for buande:
- Opphald med middag fredag – frukost og middag laurdag – frukost søndag
- Alle timar med instruktør laurdag og søndag
   (yoga - dans – mindfulness – spinning)
- Foredrag laurdag med Carina Hultin Dahlmann
- 2–dagarspass til Loen Skylift
- Gratis inngang heile helga til Alexandra Bad & Spa
- Gratis lån av badekåpe- handkle – tøfler
- Gratis bruk av treningsrom heile helga
- Vatn, kaffi, te og fersk frukt heile dagen i spa avd. også etter alle aktivitetar
- Ei ”Quick-fix” ansiktsbehandling på 25 min på laurdag
- Goodiebag frå Thalgo

 

Prisar for ikkje buande:

Helgepass 1990,-
Dagpass laurdag 1490,-
Dagpass søndag 750,-
Kun foredrag laurdag 250,-

Inkludert i dagpass laurdag:
Alle timar med instruktør (yoga - dans – mindfulness – spinning)
Foredrag med Carina Hultin Dahlmann
Dagpass Loen Skylift
Gratis inngang Alexandra Bad & Spa
Gratis lån av badekåpe – handkle – tøffler
Vatn, kaffi, te og fersk frukt heile dagen i spa avd. også etter alle aktivitetar
Ei ”Quick-fix” ansiktsbehandling på 25 min
Goodiebag frå Thalgo

Inkludert i dagpass søndag:

Alle timar med instruktør (yoga - dans – mindfulness – spinning)
Dagpass Loen Skylift
Gratis inngang Alexandra Bad & Spa
Gratis lån av badekåpe – handkle – tøffler
Vatn, kaffi, te og fersk frukt heile dagen i spa avd. også etter alle aktivitetar

 

Instruktørane:

MINDFULNESS v/ Line Katrin Moe

Line Katrin Moe ønskjer deg varmt velkomen til mindfulness med fokus på ro og avspenning.

Dette blir ei behageleg stund der du får koble av frå kvardagens kjas og mas og får lande i djup kvile. I denne timen får du ta vare på deg sjølv, og du får kjennskap til korleis du kan møte ein travel kvardag med stress-reduserande teknikkar. Forsking viser at mindfulness reduserer stress, gir ro, betre immunforsvar og søvnkvalitet. Mindfulness passar for alle uansett kjønn og alder.

 

YOGA og DANS  v/ Antonia Genta

Yoga
Antonia Genta har årelang erfaring som yoga- og danselærar, og denne helga held ho vinyasa flow klassar på Hoven laurdag og søndag. Timane har fokus på å synkronisere pust og bevegelsar, og blir innleia med enkel meditasjon og pusteøvingar, så serie av ansanas (yoga posisjonar / øvingar) som blir knytta saman med djup pust. Avspenning til slutt. 

Yogatimen laurdag er ein energisk yogatime med litt leikande utfordringar, og søndag blir det ein slow flow time, der tempo er mykje rolegare. Begge timane roar deg ned og senkar stress, og fyller deg samtidig med god energi!

Dans
Antonia har også danseklasser både laurdag og søndag, med fokus på danseglede. Begge timane vil vere lågterskel, med enkle rørsler, artig musikk og fokus på masse god energi og glede!

 

FOREDRAG v/ Carina Hultin Dahlmann

Carina Hultin Dahlmann
er betre kjent som «Norges juicedronning», og er forfattar av 5 bøker innanfor temaene juicing, kosthald, kokkelering og ein sunn livsstil. Carina sleit sjølv med overvekt og helseproblem frå ung alder, men har klart å både ete, juice og trene seg frisk og ned i vekt. Ho bruker sine personlege erfaringar i kombinasjon med profesjonell kunnskap, til å informere og inspirere andre til å gjere små grep i kvardagen. Noko som kan gje store forbetringar i kropp og sinn. Gründer av Juicydrops, personleg trenar, ernæringsrådgjevar og plantebasert kokk.