Ta turen til Loen i vinter, og opplev det beste av fjord og fjell. Spektakulære Loen Skylift tek deg frå fjord til fjell på 5 minutt - til vinterlandskapet på Hoven, 1011 meter over fjorden. Her får du fantastisk utsikt over fjorden, fjella og Jostedalsbreen Nasjonalpark, og kan nyte eit gourmetmåltid og slappe av framfor peisen på fjellet, 

Denne pakken kombinerer Loen Skylift, to netter på Hotel Alexandra inkludert middag og frukost, og gratis inngang til oppvarma innandørs- og utandørsbasseng på hotellet.

Vinteren 2021 (4.februar til 28.mars):
Frå kr 3.240,- pr person i dobbelt standard rom (gjeld for to netter torsdag-laurdag eller laurdag-måndag)
Frå kr 3.490,- pr person i dobbelt standard rom (gjeld for to netter fredag-søndag)

Inkludert i pakken:
- 2 netter på Hotel Alexandra
- middag og frukost på Hotel Alexandra
- tur/retur med Loen Skylift (merk opningstidene)
- tilgang til Alexandra Bad med oppvarma utandørs- og innandørsbasseng

Ankomstdagar er torsdag, fredag eller laurdag. Andre dagar på førespurnad. 
Tillegg for enkeltrom er kr 400,- pr natt.

Tilgjengelege aktivitetar:
- Vintervandring i oppkøyrde løyper på Hoven
- Guida trugeturar
- Aking på Hoven. Kjelkar til leige.
- Skøyter i Loen. Skøyter til leige.
- Topptur med guide

For meir informasjon eller bestilling av vinterpakke kontakt oss på alex@alexandra.no eller tlf. 57 87 50 50 (mandag-fredag 08.00-20.00)