
Ta ei helg med alpe-følelse og avslappa luksus ved fjorden i Loen. Med skia på ryggen frå hotellet går du 500 meter og stiger inn i Loen Skylift som tek deg til 1011 m.o.h. på fem minutt, til briljant skikøyring i mange retningar. Ta med deg ein sertifisert tindeveileder som kan vise deg dei beste nedfartane og den beste snøen.
Dette eksempelet kombinerer skiguiding med Breogfjell, overnatting på Hotel Alexandra inkl. frokost og middag, og gratis inngong til oppvarma innandørs- og utandørsbasseng på hotellet.
To døgn (ein dag på ski): Fredag til søndag sesongen 2023 frå kr 4860 p.p. i dobbeltrom*
Tre døgn (to dagar på ski): Torsdag til søndag sesongen 2023: frå kr 7455 p.p. i dobbeltrom*
* priseksempel gjeld ved 6 gjester
Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Breogfjell har internasjonalt sertifiserte tindevegledarar og tilbyr guida turar frå Loen Skylift.
Har du god kompetanse og kjenner fjella her?
Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i vinterfjellet. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og bruk skredutstyr. Her finn du informasjon om toppturar frå Loen Skylift.