
Torsdag 7. desember inviterer vi til årets tradisjonsrike seniorjulebord med bugnande buffet og god stemning. Vi byr på aperitiff, julebord og dans v/Steinar Engelbrektson. Inngong i Alexandra Bad er også sjølvsagt inkludert.
Program
16:00 Sosialt samvær med kaffi og julekaker
18:30 Aperitiff
19:00 Julebord
21:00 Dans med Steinar Engelbrektson
Om Steinar Engelbrektson
Steinar Engelbrektson har base i vakre Nordfjord. Kjennetegnet på Steinar er spelegleda han leverer frå scena. Sjølv etter 40 år på vegen er han like lysten på å spele og få treffe publikum, som den dagen han først entra ei scene. Steinar har mange fans som fartar land og strand, helg etter helg, og frå festival til festival for å oppleve dansbar country fra øvste hylle. Låtar som «På grunn av bagateller», «Hundrings til ein kaffi» og «Heim til Nordfjord» har blitt udødelige slagarar og skapar stemning og allsang over heile landet.
Prisar med overnatting
Dobbelt standardrom: Kr 1.460,- per person
Dobbelt superior rom: Kr 1.560,- per person
Dobbelt deluxe rom: Kr 1.660,- per person
Tillegg fjordutsikt: Kr 200,-
Tillegg enkeltrom: Kr 400,-
Prisane inkluderer opphald med aperitiff, julebordsbuffet og dans torsdag, samt frukost fredag. Fri inngang i Alexandra Bad etter innsjekk og før utsjekk.
Bur du ikkje på hotellet, men ynskjer å delta?
Du er også hjarteleg velkomen til å delta sjølv om du ikkje bur på hotellet. Prisen for ikkje-buande er 790,- inkludert aperitiff, julebord og dans.
Bestilling
For bestilling ta kontakt på 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no