Torsdag 3. desember inviterer vi til årets seniorjulebord.

Det blir aperitiff, julebord og minikonsert med Stevia etter middagen.


Stevia er ei a capella gruppe som starta med folkeviser og vokal folkemusikk. Etterkvart utvida dei repertoaret med stor spennvidde - frå amerikansk populærmusikk frå 40- og 50-talet til svensk visetradisjon. Trioen har blant anna hatt opptreden på Visefestival Stryn, kyrkjekonsertar, bryllaup og andre arrangement. Gruppa kjem frå Markane i Stryn kommune, og består av Bente Flore, Gunnhild Sindre og Ingrid Wangensteen Flore.

PRISAR MED OVERNATTING:
Pr person i dobbelt superior rom: Kr 1.290,-
Pr person i dobbelt superior rom med fjordutsikt: Kr 1.490,-
Pr person i dobbelt deluxe rom: Kr 1.490,-
Pr person i dobbelt deluxe rom med fjordutsikt: Kr 1.690,-

Tillegg enkeltrom: Kr 400,-

Prisane inkluderer opphald med aperitiff, julebord og konsert torsdag, samt frukost fredag.
Fri inngang i Alexandra Bad etter innsjekk og før utsjekk.

 

Vi føl dei nasjonale og kommunale retningslinjene for smittevern.  Les meir om våre tiltak her.