Nyt hausten i Loen med store naturopplevingar, kultur og historie, avslapping og god mat.

Bli med på guida kajakktur på Nordfjorden, opplev vakre og historiske Lodalen, Briksdalsbreen eller besøk Sagastad - det nye kunnskapssenteret om vikingtida. Likar du å gå fjellturar så finn du mange skilta og tilrettelagde stiar i og rundt Loen. Og etterpå - eller før - tek du deg nokre timar i Alexandra Bad & Spa. Forslag til aktivitetar finn du her.

I midtveke til 16. desember har vi gode prisar på dobbeltrom inkl. frukost og middag frå kr 1545,- per person per natt.

Dette er inkludert

  • Overnatting i dobbeltrom
  • Middag
  • Frukost
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i treningssenteret
  • Badekåpe og tøfler under heile opphaldet

Større rom, og rom med fjordutsikt har andre prisar. Spabehandling kan bestillast.

Enkeltromspris frå kr 1950,- per natt.

Frå 25. november tilbyr vi julemat kvar dag også i midtveke. Vi kjem gjerne med anbefalingar til drikke.

Bestilling

For eit godt tilbod på midtvekeopphald kan du ta kontakt på alex@alexandra.no eller 57 87 50 50. Tilbodet er ikkje tilgjengeleg for nettbestilling. 

Smittevern

Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Les meir om våre tiltak her.