Julebord på Hotel Alexandra har lange tradisjonar. Kvar fredag og laurdag t.o.m. 18. desember inviterer vi til julebord med livemusikk. Buffeten bugnar av herleg julemat og andre delikatesser.

Nyt gjerne aperitiffen i Salong Ida framfor peisen. Pianisten vår sørgjer for stemninga.

For borna blir det julediskotek fredag og laurdag frå 19:30 til 21:30 i Alex Dancing.

Desse spelar opp helgane i førjulstida:
12. og 13. november: Steinar Engelbrektson
19. og 20. november: Cozy
26. og 27. november: Backflash
3. og 4. desember: Mona-Jill Band
10. og 11. desember: Backflash
17. og 18. desember: Stine NIlsen og Livin West

Prisar fredag-søndag frå kr 3.980,- per person i dobbeltrom (standard rom) inkludert julebord, frukost og inngong i Alexandra Bad. Spabehandling kan bestillast

Har du med deg familien eller kollegaer og vil gjere litt ekstra ut av det?
Vi kan anbefale smaking av vin eller champagne i Markus Vinkjellar, guida vandretur, og mykje meir for grupper opp til 20 personar. Ta kontakt med salsavdelinga vår, så hjelper vi deg.

Kjekke aktivitetar for alle
Inne har vi leikerom, aktivitetsavdeling, badeanlegg, treningssenter (frå 16 år) og spa-avdeling (frå 18 år). Ute gjer vi klar skøytebana (med atterhald), så ta gjerne med skøyter og hjelm. Loen Active har også skøyter til utleige. Ta turen til fjells med Loen Skylift, reis på juleshopping i designbygda Stryn, gå tur til ein av setrane i området eller opplev vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Kome hit i midtveke i staden?
Frå 25. november tilbyr vi julemat kvar dag også i midtveke. Pianisten vår sørgjer for stemninga. Pris frå 1545,- p.p. i dobbeltrom / kr 1950 i enkeltrom. Kontakt oss på e-post eller telefon for for meir informasjon og bestilling.

Smittevern
Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Les meir om våre tiltak her.