Julebordshelg

Julebord på Hotel Alexandra har lange tradisjonar. Kvar fredag og laurdag f.o.m. 13. november t.o.m. 13. desember inviterer vi til førjulshelg.

Du kan i år velje mellom servert trerettars meny eller julebord. Vi kjem gjerne med anbefalingar til drikke. Nyt aperitiffen i blåtimen ute på den lune Markusterrassen eller inne framfor peisen. Pianisten vår sørgjer for god stemning.

For borna blir det overraskingar og disco i juleuniverset vårt. Dette er julepatruljen sitt hovudkontor, og noko heilt utanom det vanlege…

Prisar fredag-søndag frå kr 3920,- per person inkl. overnatting, julebord, frukost og inngong i Alexandra Bad.
PS: 13.-15. november har vi ekstra gode prisar på overnatting og julebord. Kontakt oss for eit tilbod.

Julebord i midtveke

Frå 26. november har vi julemat på menyen også i midtveke. Nokre dagar kan de velje anten trerettars meny eller buffet, alt etter ynskjer og preferansar. Vi kjem gjerne med anbefalingar til drikke. Pianisten vår sørgjer for god stemning.

Ta kontakt for eit godt midtveketilbod inkludert overnatting, middag, frukost og inngong i Alexandra Bad.
Du kan også booke dei gode midtvekeprisane her på sida.

Har du med deg ein gjeng og vil gjere litt ekstra ut av det?
Vi kan anbefale smaking av vin eller champagne i Markus Vinkjellar, bygdevandring med guide, og mykje meir. Ta kontakt med salsavdelinga vår, så hjelper vi deg.

Kjekke aktivitetar for alle
Inne har vi leikerom, aktivitetsavdeling, badeanlegg, treningssenter (frå 16 år) og spa-avdeling (frå 18 år). Ute gjer vi klar skøytebana (med atterhald), så ta gjerne med skøyter og hjelm. Loen Active har også skøyter til utleige.

Smittevern 
Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir om våre tiltak her.

Ta turen til fjells med Loen Skylift, reis på juleshopping i designbygda Stryn, gå tur til ein av setrane i området eller opplev vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.