Hausten er kjøkkensjefen si favoritt-årstid, og det bugnar av fantastiske råvarer frå fjell til fjord. Denne helga byr vi på det beste av desse råvarene, og legg til rette for ei kortreist kulinarisk haustoppleving. Vi diskar opp med lam frå Jølster, hjort frå Tistam, sjøkreps frå Nordfjorden, makrellstørje frå Mørekysten, frukt og grønsaker frå bønder i nærområdet og mykje meir.

Kombiner gjerne den gode maten med fjellturar, spabehandling og velvære.

Weekendpris frå kr 2.980,- per person

Prisen Inkluderer:
• Overnatting 2 døgn i dobbeltrom
• Middag fredag og laurdag kveld
• Frukost laurdag og søndag
• Inngong i Alexandra Bad frå innsjekk til utsjekk
• Badekåpe og badetøfler under heile opphaldet

Enkeltromstillegg: frå kr 800,-

Smittevern
Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir om våre tiltak her.