Hausten er kjøkkensjefen si favoritt-årstid, og det bugnar av fantastiske råvarer frå fjell til fjord. Denne helga byr vi på det beste av desse råvarene, og legg til rette for ei kortreist kulinarisk haustoppleving. Vi diskar opp med lam frå Jølster, hjort frå Tistam, sjøkreps frå Nordfjorden, makrellstørje frå Mørekysten, frukt og grønsaker frå bønder i nærområdet og mykje meir.

Kombiner gjerne den gode maten med friske fjellturar, spabehandling og velvære.

Weekendpris frå kr 4140 per person i dobbeltrom.  

Prisen inkluderer:
• Overnatting 2 døgn i dobbeltrom
• Middag fredag og laurdag kveld
• Frukost laurdag og søndag
• Inngong i Alexandra Bad frå innsjekk til utsjekk
• Badekåpe og badetøfler under heile opphaldet

Enkeltromstillegg: frå kr 800,-

Bur du ikkje på hotellet?
Fredag 27. og laurdag 28. oktober kan du bestille bord i Restaurant Charlotte og nyte den bugnande haustbuffeten. Fredag kr 780,- p.p./laurdag kr 860,- p.p. Ta kontakt på 57875000 eller alex@alexandra.no for bordbestilling.