Hausten er kjøkkensjefen si favoritt-årstid, og det bugnar av fantastiske råvarer frå fjell til fjord. Denne helga byr vi på det beste av desse råvarene, og legg til rette for ei kortreist kulinarisk haustoppleving. Vi diskar opp med lam frå Jølster, hjort frå Tistam, sjøkreps frå Nordfjorden, makrellstørje frå Mørekysten, frukt og grønsaker frå bønder i nærområdet og mykje meir.

Kombiner gjerne den gode maten med friske fjellturar, spabehandling og velvære.

Weekendpris frå kr 3840 per person i dobbeltrom.  

Prisen inkluderer:
• Overnatting 2 døgn i dobbeltrom
• Middag fredag og laurdag kveld
• Frukost laurdag og søndag
• Inngong i Alexandra Bad frå innsjekk til utsjekk
• Badekåpe og badetøfler under heile opphaldet

Enkeltromstillegg: frå kr 800,-