Haustferien er ein liten pustepause og ein gylden sjanse til å skape gode minner saman med borna. Opplevingar i naturen kombinert med innekos og moro er ein sikker vinnar. Og kanskje rekk de å gjere ting som dokke ikkje fekk tid til i sommarferien? 

Leik i det nye leikelandet Loen Play. Ta deg ein fjelltur med Loen Skylift og gå på ein av dei mange stiane, eller bli med på guida støylstur. Opplev spenninga i spektakulære Via Ferrata Loen, luft deg i ziplina på Hoven, padle kajakk på fjorden eller klatre høgt og lavt i Hydlaparken. Innandørs på hotellet lokkar vi med familieshow, trylleskule, badebassengleikerom og stor aktivitetsavdeling. For dei vaksne kan det kanskje freiste med litt tid i Alexandra Spa, og avslapning ved bassengkanten?  

5.-15. oktober: Magiker, komiker og buktaler Erik Mogeno

Erik Mogeno sjarmerte heile landet i Norske Talenter på TV2 der han tok seg heilt til finalen. Han byr på buktaling, komikk og magi og vil underhalde alle aldrar. Kvar dag frå 5. til 15 oktober blir det familieshow, og kvar dag frå 6. til 15. oktober (utanom 10. oktober) vil det vere trylleskule på hotellet.

16:30  Trylleskule. Påmelding same dag i resepsjonen. Maks 30 plassar per time.
20:30  Familieshow med trylling, buktaling og humor. 60 minutt.

2. - 15. oktober: Barnedisco

Kvar kveld blir det barnedisco, frå 5. til 15. oktober kl 19 til 20:30. 

1.-16. oktober: Natursti med premiar kvar dag

Natursti med overraskingar til barna og trekning av dagens premie. Alle deltakarar er med i trekning av hovudpremien: Eit døgns opphald på Hotel Alexandra for 2 vaksne og inntil 3 barn. Inkl. middag og frukost, samt inngang i Alexandra Bad. Deltakarskjema får de kjøpt i resepsjonen (40,-).

Loen Play held ope kvar dag

Loen Play tilbyr aktivitetar for born frå 0-15 år. I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. I kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna frå 5-15 år. Finn ut meir.

Rabatt på Loen Skylift

I haustferievekene 40 og 41 har buande på Hotel Alexandra 10% rabatt på familiebillett (2v+2b) eller tur/retur billett for inntil 2 vaksne med Loen Skylift. Spør etter verdikupong i resepsjonen. Loen Skylift ligg berre 500 meter frå hotellet og er perfekt for fine fjellturar for heile familien, vardevandring, lunsj og hygge. 13. oktober blir det Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant kl. 16:15. Les meir om haustferien på Hoven her.

Støylsturar med lokal guide i veke 40 og 41 

Kvar tysdag, torsdag og laurdag i veke 40 og 41 (4., 6., 8., 11., 13., 15. oktober) kan heile familien bli med til «støyls». Turane passar for alle, og ein lokal guide frå Loen Active er med. Ta gjerne med nistepakke. Ca 2 timar tur/retur. For turen til Tyva-/Haugasetra og Rakssetra køyrer de til parkeringsplass (parkeringsavgift kr 85 pr bil). Pris pr vaksen er kr 100,- / pr barn kr 50,- inkludert guide, samt premie på setervollen. Oppmøte på Loen Active butikken (100 meter frå hotellet) kl 11:00. Påmelding i resepsjonen på Hotel Alexandra innan kl 20 kvelden før. Tysdag: Lostøylen, torsdag: Rakssetra, laurdag: Tyva-/Haugasetra.

Aktivitetar for heile familien

Det er mykje å finne på i og rundt Loen, så velg og vrak tilpassa dine interesser og aktivitetsnivå.

 

Priseksempel midtveke, ved minimum 2 døgns opphald

Prisen er pr døgn
Familiepakke inkludert middag og frukost samt inngong i Alexandra Bad:
2 vaksne og 2 barn i superior rom kr 3690
2 vaksne og 2 barn i Deluxe rom kr 4090 (med to ekstra oppreiingar)
2 vaksne og 3 barn i juniorsuite med fjordutsikt kr 5240 (med tre ekstra oppreiingar)
1 vaksen og 1 barn i standard rom kr 2550
1 vaksen og 2 barn i superior rom kr 3000

Dersom de bur berre 1 døgn eller i helg, gjeld andre prisar.