Haustferien er ein liten pustepause og ein gylden sjanse til å skape gode minner saman med borna. Opplevingar i naturen kombinert med innekos og moro er ein sikker vinnar. Og kanskje rekk de å gjere ting som dokke ikkje fekk tid til i sommarferien? 

Ta deg ein fjelltur med Loen Skylift og gå på ein av dei mange stiane, eller bli med på guida støylstur. Opplev spenninga i spektakulære Via Ferrata Loen, luft deg i ziplina på Hoven, padle kajakk på fjorden eller klatre høgt og lavt i Hydlaparken. Innandørs på hotellet lokkar vi med familieshow, trylleskule, badebassengleikerom og stor aktivitetsavdeling. For dei vaksne kan det kanskje freiste med litt tid i Alexandra Spa, og avslapning ved bassengkanten?  

6.-16. oktober: Magiker, komiker og buktaler Erik Mogeno

Erik Mogeno sjarmerte heile landet i Norske Talenter på TV2 der han tok seg heilt til finalen. Han byr på buktaling, komikk og magi og vil underhalde alle aldrar. Kvar dag frå 6. til 16. oktober vil det vere trylleskule og familieshow på hotellet.

16:30  Trylleskule. Påmelding same dag i resepsjonen. Maks 30 plassar per time.
20:30  Familieshow med trylling, buktaling og humor. 60 minutt.

5. - 16. oktober: Barnedisco

Discojentene er på plass kvar kveld for å lage barnedisco, frå 5. til 16. oktober kl 19 til 20:30. 

Rabatt på Loen Skylift

I haustferievekene 40 og 41 har buande på Hotel Alexandra 10 % rabatt på familiebillett (2v+2b) eller tur/retur billett for inntil 2 vaksne med Loen Skylift. Spør etter verdikupong i resepsjonen. 

Støylsturar med lokal guide i veke 40 og 41 

Kvar tysdag, torsdag og laurdag i veke 40 og 41 (5., 7., 9., 12., 14., 16. oktober) kan heile familien bli med til «støyls». Turane passar for alle, og ein lokal guide er med. Ta gjerne med nistepakke. Ca 2 timar tur/retur. For turen til Tyva-/Haugensætra og Rakssetra køyrer de til parkeringsplass (parkeringsavgift kr 70 pr bil). Pris pr vaksen er kr 100,- / pr barn kr 50,- inkludert guide, samt premie på setervollen. Oppmøte på Loen Active butikken (100 meter frå hotellet) kl 11:00. Påmelding i resepsjonen på Hotel Alexandra innan kl 20 kvelden før. Tysdag: Lostøylen, torsdag: Rakssetra, laurdag: Tyva-/Haugensetra.

Aktivitetar for heile familien

Det er mykje å finne på i og rundt Loen, så velg og vrak tilpassa dine interesser og aktivitetsnivå.

 

Priseksempel midtveke, ved minimum 2 døgns opphald

Prisen er pr døgn
Familiepakke inkludert middag og frukost samt inngong i Alexandra Bad:
2 vaksne og 2 barn i superior rom kr 3390
2 vaksne og 2 barn i Deluxe rom kr 3790 (med to ekstra oppreiingar)
2 vaksne og 3 barn i juniorsuite med fjordutsikt kr 4890 (med tre ekstra oppreiingar)
1 vaksen og 1 barn i standard rom kr 2400
1 vaksen og 2 barn i superior rom kr 2800

Dersom de bur 1 døgn, gjeld same pris som i helg.

Priseksempel helg (fredag og laurdag)
Familiepakke inkludert middag og frukost samt inngong i Alexandra Bad:
2 vaksne og 2 barn i superior rom kr 3890
2 vaksne og 2 barn i Deluxe rom kr 4290 (med to ekstra oppreiingar)
2 vaksne og 3 barn i juniorsuite med fjordutsikt kr 5390 (med tre ekstra oppreiingar)
1 vaksen og 1 barn i standard rom kr 2650
1 vaksen og 2 barn i superior rom kr 3050

Smittevern
Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og har eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. 
Les meir om våre tiltak her.