Ta deg ein fjelltur med Loen Skylift og gå på ein av dei mange stiane, eller bli med på guida støylstur. Opplev spenninga i spektakulære Via Ferrata Loen, padle kajakk på fjorden eller klatre høgt og lavt i Hydlaparken. Innandørs på hotellet lokkar vi med familieshow, trylleskule, badebasseng, leikerom og stor aktivitetsavdeling. For dei vaksne kan det kanskje freiste med litt tid i Alexandra Spa, og avslapning ved bassengkanten?  

29. september – 10. oktober: Støylsturar med lokal guide

Kvar tysdag, torsdag og laurdag i veke 40 og 41 kan heile familien bli med til «støyls». Turane passar for alle, og ein lokal guide er med. Ta gjerne med nistepakke. Ca 2 timar tur/retur. For turen til Tyva-/Haugensætra og Rakssetra køyrer de til parkeringsplass (parkeringsavgift kr 50,- / 70,- pr bil).
Pris pr vaksen er kr 100,- / pr barn kr 50,- inkludert guide, samt premie på setervollen. Oppmøte på Loen Active butikken (100 meter frå hotellet) kl 11:00.
Tysdag: Lostøylen, torsdag: Rakssetra, laurdag: Tyva-/Haugensetra

3.-10. oktober: Magiker, komiker og buktaler Erik Mogeno

Erik Mogeno sjarmerte heile landet i Norske Talenter på TV2 der han tok seg heilt til finalen. Han byr på buktaling, komikk og magi og vil underhalde alle aldrar. Kvar dag frå 3. til 10. oktober vil det vere trylleskule og familieshow på hotellet.

16:30 og 17:30: Trylleskule. Påmelding same dag i resepsjonen. Maks 30 plassar per time.
20:30: Familieshow med trylling, buktaling og humor. 60 minutt.

Rabatt på Loen Skylift
I haustferievekene 40 og 41 har buande på Hotel Alexandra 10 % rabatt på familiebillett (2v+2b) eller tur/retur billett for inntil 2 vaksne med Loen Skylift. Spør etter verdikupong i resepsjonen.


Aktivitetar for heile familien
Det er mykje å finne på i og rundt Loen, så vel og vrak tilpassa dine interesser og aktivitetsnivå.

Via Ferrata (frå 12 år)
Loen Skylift og fjellturar på Hoven
Zipline (frå 30 kg., med verforbehold)
Fisketur på fjorden
Kajakk (frå 8 år)
Sykkel
Sup
Merka fjellturar for alle nivå, frå korte turar rundt sentrum, setreturar, turar med utgangspunkt frå Loen Skylift, og til Skåla på 1843 m.o.h.
Hydlaparken – rabatt for buande gjestar
Natursti i hagen kvar dag med fine premiar 
Aktivitetsavdeling med treningsapparat 
Leikerom
Alexandra Bad - inne og ute med sklie
Alexandra Spa
Lodalen
Briksdalen
Sagastad

Priseksempel midtveke
Familiepakke inkludert middag og frukost samt inngong i Alexandra Bad:
2 vaksne og 2 barn i superior rom kr 3190,-
2 vaksne og 3 barn i de Luxe rom kr 3790,- (med to ekstra oppreiingar)
2 vaksne og 3 barn i juniorsuite kr 4590,- (med tre ekstra oppreiingar)
1 vaksen og 2 barn i superior rom kr 2250,-

Priseksempel helg (fredag og laurdag)
Familiepakke inkludert middag og frukost samt inngong i Alexandra Bad:
2 vaksne og 2 barn i superior rom kr 3580,-
2 vaksne og 3 barn i de Luxe rom kr 4180,- (med to ekstra oppreiingar)
2 vaksne og 3 barn i juniorsuite kr 4980,- (med tre ekstra oppreiingar)
1 vaksen og 2 barn i superior rom kr 2340,-

Smittevern
Hotel Alexandra føl nasjonale og kommunale retningslinjer og har eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir om våre tiltak her.