Nyt hausten og førjulstida i Loen med store naturopplevingar, kultur og historie, avslapping og god mat.

Reis til fjells med Loen Skylift, prøv kajakk på Nordfjorden med guide, klatre Via Ferrata Loen, opplev vakre og historiske Lodalen, den kjende Briksdalsbreen eller besøk Sagastad - det nye kunnskapssenteret om vikingtida. Likar du å gå fjellturar så finn du mange skilta og tilrettelagde stiar i og rundt Loen. Og etterpå - eller før - tek du deg nokre timar i Alexandra Bad & Spa. Forslag til aktivitetar finn du her.

I midtveke til 11. desember har vi gode prisar på dobbeltrom inkl. frukost og middag frå kr 2.790,- pr natt.
Inkludert:
- Overnatting i dobbeltrom
- Middag
- Frukost
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i treningssenteret
- Badekåpe og tøfler under heile opphaldet

Større rom og rom med fjordutsikt har andre prisar.

Enkeltromspris frå kr 1.895,- 

Frå 26. november har vi julemat på menyen også i midtveke. Nokre dagar kan de velje anten trerettars meny eller buffet, alt etter ynskjer og preferansar. Vi kjem gjerne med anbefalingar til drikke. Pianisten vår sørgjer for god stemning.

Bestill her

Vi føl dei nasjonale og kommunale retningslinjene for smittevern.  Les meir om våre tiltak her.