Innebasseng med svømmekanal ut

Nyt vinteren og våren i Loen med store naturopplevingar, avslapping og god mat.

Prøv kajakk på Nordfjorden med guide, opplev vakre og historiske Lodalen, den kjende Briksdalsbreen eller besøk Sagastad - det nye kunnskapssenteret om vikingtida.  I Stryn ligg kilometervis med skiløyper og ventar på deg. Likar du å gå fjellturar så finn du mange skilta og tilrettelagde stiar i og rundt Loen. Og etterpå - eller før - tek du deg nokre timar i Alexandra Bad & Spa. Forslag til aktivitetar finn du her.

I midtveke fram til 20. mai har vi gode prisar på dobbeltrom inkl. frukost og middag frå kr 2.690,- pr natt (ved min. to døgn i midtveke)


Inkludert

- Overnatting i dobbeltrom
- Middag
- Frukost
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i treningssenteret
- Badekåpe og tøfler under heile opphaldet

Større rom og rom med fjordutsikt har andre prisar. Enkeltromspris frå kr 1.750,- (ved min. 2 døgn i midtveke)

Ønskjer de eige rom til borna? Pris frå kr 1500 pr døgn for 1 barn / frå kr 2500 pr døgn for 2 barn. 

Bestilling

Ta kontakt på telefon 57 87 50 50 eller e-post alex@alexandra.no for våre beste prisar i midtveke. 

Smittevern

Vi føl dei nasjonale og kommunale retningslinjene for smittevern. Les meir om våre tiltak her.