Treng du eit avbrekk frå heimekontoret? Ta med jobben til Hotel Alexandra i Loen og kjenn at blikket hevar seg og hjernen får litt betre plass. Jobb når du føler for det, og ta fri når det passar. Stå opp til ferdig frukost, ta ei økt i treningsrommet, hiv deg i bassenget eller stikk til fjells. Jobb litt meir, og gå deretter til ferdig tre-retters middag. Repeat. Kom aleine, eller ta med fleire.

"A workation is a vacation that allows you to work remotely while integrating elements of leisure that let you unwind, relax and be more productive“ (HR Technologist)

Vinteren kan bli lang på heimekontoret, så for å beholde humør og motivasjon kan det vere lurt å skifte miljø. Loen er kjend for turkisgrøne vatn og grøne dalsider med is på toppane, men har du opplevd Loen om vinteren? Formene er like, men inntrykket heilt anleis. Lyset, lufta og fargane lagar eit anna måleri på denne årstida. Nye inntrykk, god plass, frisk luft og leikegrinda rett utanfor det varme og komfortable hotellet. Kanskje er dette akkurat det du treng no?

Dette er inkludert i ditt bortekontor
• Romsleg rom med skrivebord, sofagruppe og balkong
• Tre-retters middag
• Frukost til kl 10:30
• Alexandra Bad
• WiFi med god kapasitet
• Møterom med moderne fasilitetar
• Nytt treningsrom
• Spinning tysdag 18:30
• Tilgong til aktivitetsavdeling
• 10% rabatt på tur/retur billett Loen Skylift (begrensa opningstider)
• Badekåpe og tøfler
• Gratis parkering

Pris per døgn ved minimum 2 døgn: 1795,- frå søndag til fredag for ein person i rommet. Periode: 5. februar – 25. mars.

Kontakt oss på tlf 57 87 50 00 for å nytte deg av bortekontor-tilbodet vårt, eller send mail til alex@alexandra.no


Treng du møterom?

Vi har ny konferanseavdeling med store og små møterom, og eit felles loungeområde. Her kan du låne møterom når du vil, og her finn du kaffi og te.

Aktive avbrekk- ute eller inne
Loen og Stryn har noko for ein kvar smak og kondisnivå. Vi kan nemne skøytebane, kajakk, SUP (ja vi har tørrdrakter også), toppturar på ski eller med truger, milevis med langrennsløyper, shopping, vandreløyper i snøen på Hoven og aking. Inne har vi aktivitetsavdeling med biljard, shuffleboard m.m., treningsrom og sjølvsagt den herlege badeavdelinga vår for lange eller korte symjeturar.

Alexandra Bad & Spa
Hotel Alexandra har stor bade og spa avdeling. I Alexandra Bad kan du symje inne eller ute, og nyte varme boblebad. I Alexandra Spa tar våre høgt kvalifiserte terapeutar hand om deg med eit breitt spekter av spa-behandlingar. Etter ei behandling, eller ved å betale inngong får du også tilgong på den ekslusive spa-avdelinga med thylarium, saunaer, boblebad, kuldekulp og varmebasseng.

Bli i helga også, og kanskje ta med kjæresten?
Ta med din kjære eller ein ven, eller bli over helga. Ta kontakt så finn vi ein god pris. I helga er også Loen Skylift open, og då får du 10% rabatt på tur/retur billett.