Mottaking med aperitiff og snacks
Medan brudeparet sikrar minner saman med fotograf kan vi ta hand om gjestene. Aperitiffen serverer vi i salongen, i hagen, ved marinaen eller på terrasen. Her kan vi også servere frukt eller fingermat frå bugnande fat. Noko lite i magen er godt og appetittvekkjande før middagen.

Bryllaupsmeny
Kjøkkensjefen vår har komponert fleire flotte og smakfulle menyar som de kan velje mellom, både tre-, fire- og femrettars menyar. Har de andre ønskje kan vi sjølvsagt tilpasse dette. Barna kan få eigen meny.

Drikke
Når menyen er bestemt, lager vår F&B Manager anbefaling på korresponderande vinar for å gjere den kulinariske opplevinga komplett. Vi har også mange gode alkoholfrie produkt.

Kaffi og kaker
Bryllaupskaka skal vere flott og bugnande! Marsipan, kvit sjokolade eller friske frukter,- valet er dykkar. Om de ønskjer at gjestene skal få fleire val, kan de bestille frå kakemenyen vår. Kjøper de alle kaker av oss, betaler de kun ein kostnad pr person for kaffi.

Noko attåt kaffien? Vi har eit godt utval!

Longdrinkkupongar
Dersom brudeparet ønskjer å spandere ein runde eller to i baren, lager vi gjerne drikkekupongar som gjestene kan nytte. Her avtaler vi eit maksbeløp pr kupong og de betaler for faktisk forbruk.