Velvære
Ta dykk tid til eit besøk i Alexandra Bad & Spa. Alt skal skine på den store dagen, og våre profesjonelle spaterapeutar hjelper gjerne med både ansiktspleie, maniykyr, pedikyr eller ein god massasje for spente bryllaupsnervar. Alternativt ei behandling dagen derpå for ekstra velvære og restitusjon. Med vår spesialdesigna duo-massasje kan du og din kjære få ei felles avslappande spaoppleving.

Roomservice
Sein frukost på senga, kun for to? Vi legg til rette for at de skal senke pulsen og nyte dagane maksimalt. 

Frisør og makeup 
Vi har tips til fleire dyktige frisørar i området og deler gjerne.

Blomar
Hotel Alexandra har eigen dekoratør som i samråd med dykk sørger for pynting av festbord og lokale. For brudebuketten anbefaler vi Lene’s Blomster i Stryn eller Hildenes på Nordfjordeid. 

Kaker
Ta gjerne med eigne kaker til kakebordet dersom det er ønskjeleg (mot eit tillegg), eller bestill frå vår kakemeny

Fotograf
Vi kjenner mange gode fotografar som kan forevige dagen, og set dykk gjerne i kontakt med desse.

Transport
Hotel Alexandra disponerer fleire bilar, og kan hente og bringe på flyplass eller til og frå kyrkje om det er behov for det.