Del draumane dykkar om den store dagen med oss, senk skuldrane og lat oss ta hand om alt det praktiske rundt festen. Bryllaup krev planlegging i minste detalj. Vi har lang erfaring og vil gjerne dele vår kompetanse slik at dagen dykkar vert både minnerik og flott.

Spektakulær natur kombinert med Hotel Alexandra sine fasilitetar skapar den perfekte ramma for å feire den vakre kjærleiken. Smi lenkjene i vakre og intime Loen kyrkje, i den flotte hagen vår eller høgt over fjorden på Hoven. Våre engasjerte og dyktige konsulentar føl heile prosessen saman med dykk, og koordinerer med kjøkken, blomsterdekoratør og resten av staben i hotellet.

Vigsla

Smi lenkjene i vakre Loen kyrkje frå 1837, under open himmel i den bugnande hagen vår eller på Hoven - 1000 meter over fjorden.

Bryllaupslokale og dekor

Alt etter storleik på bryllaupet finn vi det perfekte festlokalet. Vår blomsterdekoratør tryllar fram dei vakraste dekorasjonane i tema, fargeval og årstid.