Ynskjer du tur på fjorden for å fiske? Loen Active tilbyr fiskeutstyr og tur med førar i ein Pioner Multi 3. Turen kan vare frå 2 til 4 timar. Båttur, førar/guide, fiskeutstyr og redningsvestar er inkludert. Vi har også diverse varm og vanntett bekledning til utleie.

På hausten er vanligvis tida då brislingen kjem inn i fjorden for å gyte. Når det skjer følger større fisk etter - spesielt sild og makrell.

Antal deltakarar er frå 1 til 5. Fire personar kan fiske samtidig. Passar for fiskarar i alle aldrar.

Les meir her