Måndag-torsdag i påskeveka blir det underhaldning for barna med tryllekunstnaren og magikaren TITO MAGIC og Miss Aurora frå "Norske Talenter".
Trylleskule kl. 17.00 og trylleshow kl. 20.30 måndag, tysdag og onsdag. 1 show torsdag.

Dei vil halde ein trylleskule for barna på ettermiddagen, og dei håpar du blir med inn i magiens fascinerende verden.
Kurset passar veldig godt for både “tidlegare entusiastar” og ferske tryllekunstspirar.

Tito og Miss Aurora vil også gi eit forrykande kveldsshow; med triks og illusjonar samla frå alle verdshjørne. 

 

Torsdag-søndag i påska har THORIS SUPERGUTT morosame show for barn - 2 gongar dagleg kl. 17.00 og 20.30 (berre kveldsshow torsdag).

Thor Erling Gulbrandsen har underhalde sidan 2006, og har opptrådt for over 300 000 barn og vaksne. 
VG Sommershow, P4 Sommershow, MomarkenFestivalen, Dyreparken, Bø sommarland, Hunderfossen, Color Fantasy/Magic - lista er endå lenger over arrangement han har vore med på.

Med figuren Thoris Supergutt reiser han rundt i heile landet og lagar rockeshow for både store og små. Han har sjølv skrive tekstane og laga sangane til denne populære figuren. I showa leg han vekt på leik og moro gjennom sang, latter og dans, og mange heilsprøe påfunn.

Thoris Supergutt sitt motto er: "Å gå på trynet er jo bra, hvis det kan gjøre andre gla'". 
Gjer deg klar til mykje gøy og skøy og fallerallera !!