PERSONALANSVARLEG

Vår personalsjef skal gå av med pensjon, og vi søkjer difor etter ein ny person som kan ta ansvar for oppgåver knytta til personalleiing og løn i våre selskap.
Vi har i løpet av 2017 fått ansvar for fleire nye bedrifter, og vi arbeider difor med ein gjennomgang av arbeidsfordeling og ansvar.
I denne gjennomgangen kan det bli endringar i arbeidsinnhald, også for stillinga som personalansvarleg.
Bedriftene som er omfatta av stillinga som personalansvarleg representerer totalt ca 200 årsverk fordelt på heilårs- og sesongtilsette.

ARBEIDSOPPGÅVENE VIL GJELDE FØLGJANDE BEDRIFTER:
- Hotel Alexandra AS
- Hotel Loenfjord AS
- Loen Active AS
- Hoven Restaurant AS
- Loen Eigedomsselskap AS
- Hoven Loen AS (Loen Skylift)

HJÅ OSS VIL DU ARBEIDE MED: 
- Rekruttering, introduksjon og tilsetjingskontrakter
- Lærlingordninga
- Lønsforhandlingar og bistand i personalsaker
- Kontroll, føring og utbetaling av løn
- Bidra til vidareutvikling av organisasjonen

VI SØKJER EIN PERSON MED:
- Leiarerfaring og erfaring med personaladministrasjon
- Gode kunnskapar om lover og avtaleverk i arbeidslivet
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode engelskkunnskapar

Lønsregistrering går gjennom Tidsbanken, som er integrert med
Aditro lønssystem og Visma Global økonomisystem.

Søknadsfrist 25. september 2017
Startdato: 1.februar 2018

Utfyllande oplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med hotellsjef Ingri Grov Kämpf, tlf. 90 92 10 82, mailadresse: ingri@alexandra.no
Søknad sendast Hotel Alexandra v/ Ingri Grov Kämpf innan 25. september 2017.