Error loading MacroEngine script (file: [content]imageSlideshow.cshtml)

Kjøkkensjef

Vår dyktige kjøkkensjef sluttar for å ta vidare utdanning. Vi søkjer difor ein ny sjef til å leie og vidarutvikle kjøkkenet vårt.

Kjøkkensjefen vil få ansvar for eit kjøkken der matomsetninga i 2012 var på 33,5 mill. kroner. Den internasjonale staben utgjorde 24 årsverk, herav 5 lærlingar. Vi har eit stort kjøkken som porduserer mat til hovedrestaurant, 2 caféar, à la carte restaurant, vinkjellar, samt små og store selskapslokale. Hovudproduksjon av mat går til vår velkjende Alexandrabuffet som står dekka med varme og kalde rettar kvar kveld og til lunsj på søndag. 

Vi tilbyr gode arbeidstilhøve og eige hus i ei lita bygd med 700 innbyggjarar, som har barnehage, grunnskule og vidaregåande skule nær ved. 

Meir informasjon om Loen og Stryn finn du på: www.nordfjord.no og www.stryn.kommune.no

Spørsmål kan rettast til adm. direktør Richard Grov, tlf. 57 87 50 00 (sentralbord).

Søknad på mail til: alex@alexandra.no  eller til Hotel Alexandra, N-6789 LOEN

Søknadsfrist: 28.02.13

 

Hotel Alexandra vart etablert i 1884, og er i dag ei leiande og moderne hotellverksemd i Stryn Kommune, den største reiselivskommunen i Sogn og Fjordane. Hotellet har 200 rom. Totalomsetning i 2012 var 118 mill. Hotellet er ikkje kjedetilknytta. Det er eit tett samarbeid med Hotel Loenfjord AS som er eigd av Hotel Alexandra og som ligg i same område.