Kvar dag heile påskeveka blir det moro for barna med klovnen og tryllekunstnaren PAUL ROCKS.
Han har to show dagleg - kl. 17.00 og kl. 20.30 (i perioden 8.-16. april).

 

Barnedisco kvar kveld. 

F.o.m. palmelaurdag til 2.påskedag:
NATURSTI med overraskingar til barna og trekning av dagens premie og stor hovudpremie (opphald på Alexandra for 2 vaksne og inntil 3 barn med halvpensjon).
(Kr 30,- pr person for deltaking)

Filmar, biljard, leikerom, spel.

Dans til husets orkester alle dagar i påska.


På Stryn Skisenter (15 min. frå hotellet) finn du fleire skiheisar og nedfartar, i tillegg til over 40 km preparerte skiløyper (Turløyper Stryn).
Sjå www.strynski.no og www.strynturløyper.no

Hornindal Skisenter (30 min. frå hotellet) har gode snøforhold og flotte forhold for både erfarne skigåarar, brett- og skikøyrarar. Skitrekk og fleire nedfartar, varmestove, skiskyttar-arena, hoppbakkar, lysløype og turløyper.