Du veit, desse melodiane som ligg i bakhovudet og som vi trudde vi hadde gløymt. Desse melodiane som vi kan store deler av tekstane på og som vi automatisk startar å nynne til når vi høyrer dei......

"Tre kvinner og ein mann" heiter gruppa som greier å sende heim sitt publikum, lett til sinns og litt yngre. Gruppa frå Gloppen dreg fulle hus gong på gong, og laurdag 27. januar held dei konsert på Alexandra. Her vil publikum få presentert musikalske perler frå 50-80 talet. Du veit, desse melodiane vi trudde vi hadde gløymt....

Med sin lune humor vil Hege Alme, Randi Brynestad Skaaden, Britt Glomnes Willumsen og Sjur Atle Austrheim fortrylle sitt publikum tilbake i tid.

Med seg har dei sitt faste 5-manns orkester som lovar at det vil rykke godt i dansefoten denne kvelden.

Konserten er inkludert for buande gjester.

Ikkje-buande: Kr 150,-