Når det vårast er det herleg å jobbe i hagen, og dette blir ei inspirasjonshelg for alle med interesse for hage og blomster!

Vi får besøk av Finn Schjøll, som vil "ause av sin visdom" rundt blomster og grønt. "Blomster-Finn" held underhaldande, inspirerande og fagfunderte blomstershow, og vi gler oss til å ønskje han velkomen til Loen !

Det blir også kurs i blomsteroppsetjing, tips om stell av hage, og stor utstilling / sal av plantar, hagemøblar, hagereiskapar, m.m.