BJØRN TURTUMS GAMMALDANSORKESTER lagar god dansestemning både fredag og laurdag i Loensalen ! 
(i tillegg spelar husorkesteret vårt i Alex Dancing).

Bjørn Turtums Gammeldansorkester har eksistert sidan 1979, og kan snart feire 38 års jubileum. Medlemmane har variert en del med åra, men har sidan 1989, med nokre få unntak, hatt den samme samansetninga. Dei som spelar i orkesteret pr. i dag er Bjørn Turtum og Stig Rune Byrøygard, Ole Kristian Gråv (trekkspel), Ole Foss (vekselvis fele og bass) og Kolbein Kjørren (gitar).

Medlemmane kjem frå Lom, Vågå og Gudbrandsdalen, og har alle forankring i den tradisjonelle gammaldansmusikken. Heilt sidan starten i 1979 har orkesteret spelt tradisjonell gammaldansmusikk, ikkje berre frå Gudbrandsdalen, men frå heile Norge og frå Sverige. Det viktigaste for orkesteret er å formidle ”kvek” dansemusikk for å få folk ut på dansegolvet. Orkesteret trivs best med å spele til dans. I tillegg har orkesteret delteke i radioprogram, NRK sin gammaldanskonkurranse ”Kappspell” og gammaldanskonkurransane Titanofestivalen og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Bjørn Turtums Gammaldansorkester vann Landsfestivalen i 1993 og Titanofestivalen i 2003.