PAKKEPRISAR pr natt (i veke 8 og 9):

2 vaksne og 2 barn: Frå kr 2.890,- (medium rom)
2 vaksne og 2-3 barn: Kr 3.290,- (deluxe rom)  

1 vaksen og 1 barn: Kr 1.850,- (standard rom)
1 vaksen og 1 barn: Kr 1.950,- (medium rom) 

1 vaksen og 2 barn: Kr 2.250,- (medium rom)
1 vaksen og 3 barn: Kr 2.550,- (medium rom)

Prisen inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngang i Alexandra Bad. 

Bestill opphald øvst på sida.

 

Tito Magic

Tito Magic er populær blant born og vaksne i alle aldrar, og gir deg ein titt inn i den magiske verda for å gi tru på at det umoglege er mogleg. Det blir trylleskule kvar dag og trylleshow om kvelden i heile veke 8 (18.-23. februar). 

I vinterferieveken (veke 8 og 9) har vi også natursti med premiar for alle og flott hovudpremie.

Loen Skylift / Hoven Restaurant

På Hoven (1010 m.o.h.) ligg preparerte skiløyper for langrenn. Transport opp med Loen Skylift.
Hoven Restaurant er open alle dagar i veke 8, frå kl. 10.00 - 17.00.
Vinterpark med langrennsløyper, akebakke, skileik, vardevandring.
Torsdag 22/2: Hoppkonkurranse for barn !

Stryn Skisenter

På Stryn Skisenter (15 min. frå hotellet) finn du fleire skiheisar og nedfartar, i tillegg til over 40 km preparerte skiløyper (Turløyper Stryn) mellom Ullsheim og Stryn Skisenter.
Sjå www.strynski.no og www.strynturløyper.no

 

Hornindal Skisenter

Hornindal Skisenter (30 min. frå hotellet) har gode snøforhold og flotte forhold for både erfarne skigåarar, brett- og skikøyrarar. Skitrekk og fleire nedfartar, varmestove, skiskyttar-arena, hoppbakkar, lysløype og turløyper.