Alternativ 1   Bad, kroppsskrubb, aroma massasje.

Du startar med eit deilig bad som set i gang blodsirkulasjon og førebur kroppen på vidare behandling. Deretter ein herleg, individuelt tilpassa kroppsskrubb før du opplever total avslapning med ein roande aroma massasje.

Alternativ 2   Kroppsskrubb, levande lys massasje

Nydeleg kroppsskrubb før du nyt ein fantastisk massasje med levande lys. Når lysa er tent, smelter voksen til ein delikat massasjeolje. Dufta frå desse lysa gjer behandlinga di enda meir luksuriøs og tilfredstillande.

Alternativ 3   Kroppsskrubb, rygg-/nakke massasje, pedikyr

Individuelt tilpassa kroppsskrubb før massasje av rygg, nakke og skuldermusklar. Behandlinga skal roe og løyse opp spenningar og lindre verkande musklar. Deretter blir du bortskjemt av ei utsøkt fotbehandling! 

Alternativ 4   Ansiktsbehandling, manikyr eller pedikyr

Ei klassisk, individuelt tilpassa ansiktsbehandling før du kan velje mellom manikyr eller pedikyr.

Alternativ 5   Ansiktsbehandling med "booster", fotmassasje

Ei fantastisk ansiktsbehandling med "booster" tilpassa deg. Vi behandlar huda di med spesialprodukt for enda betre resultat- med tanke på rynker, dehydrert, sensitiv, svært tørr, eller problemhud.

Deretter ein velgjerande massasje for trøtte og "gløymde" føter.

Alternativ 6   Aromaceane kroppsinnpakking, massasje

Thalgo Aromaceane kroppsinnpakning med massasje. Passer deg som ønskjer total avslapning, stressreduksjon eller lindring av vonde ledd og musklar. Kombinert med havsalt massasje fjernar denne behandlinga daude hudceller, hjelper ru hud og tilfører huda mange mineralar.

Alternativ  7  Algeinnpakking, Quick Fix ansiktsbehandling

Algeinnpakning med 100 % mikroniserte sjøalger. Ei svært avslappande behandling som starter med ein kroppsskrubb for deretter å bli smurt inn med Thalgo sine patenterte marinealger. Medan du ligg i varmeteppe og lar algane virke masserer vi forsiktig hovudbotn for å lindre stress. Behandlinga er avgiftande og slankande og betrar huda.

Prikken over i'en er ei "Quick Fix" ansiktsbehandling som avslutning.

 

For å gjere spa-opphaldet ditt endå betre,

kan vi tilby deg endå ei 50 minuttars behandling for kr 610,-.

Type behandling avtaler vi medan du er her.