I Alexandra Spa tilbyr vi ein variert meny av herlege behandlingar for både kvinner og menn

NB - 6. og 7. mai er det ikkje mogleg å bestille spa-behandlingar (pga. kurs for tilsette).

I menyen under kan du velje dei spa-behandlingane du ønskjer og sende oss ei bestilling, så kontaktar vi deg for nermare avtale. Hugs å bestille spa-behandling i god tid før ankomst. 

Vi tek atterhald om prisendringar, frå nyttår aukar prisane med omlag 5%.

Måndag-torsdag til kl. 16:00 er også ikkje-buande gjestar velkomne til å bestille Spa-behandling. Dei som har behandling kan då også bruke fasilitetane i Alexandra Bad & Spa. Dette tilbodet gjeld ikkje i feriar og i sommarsesongen (22. juni-20. august). Handkle, badekåpe og tøfler er ikkje inkludert. Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med oss på 57875083.  

Det er forbode å ta med drikkevarer eller glass inn i Bad & Spa. Spa-avdelinga har 18 års aldersgrense.

SPA-PAKKAR

  • Pacific Spa Ritual - fukt og avslapping

    Ei overraskande reise gjennom Stillehavet. Tre sanselege stopp på polynesiske øyar verkar utreinsande på kroppen, og etterlet den fornya og totalt avslappa. Denne luksøriøse behandlinga startar med ein vanilje kroppspeeling, blanda med rein kvit sand frå Bora Bora, havsalt, kokosnøttskal og alge monoï. Etterpå nyt du eit Blue Lagoon hydroterapibad som gjer huda di herleg silkemjuk. Neste steg er eit besøk på Bora Bora for ein utsøkt og kraftfull Mahana massasje der varme sandputer gjer deg heilt avslappa og etterlet huda di glødande med eit snev av perlemor.

    Lengde: 110 min.

    Pris i NOK: 2400,-

    Legg til bestilling
  • Merveille Arctique Spa Ritual - djup avslapping for stressa, sliten og spent kropp

    Dette eksklusive ritualet er inspirert av svensk massasje og djup vevsmassasje - to gode teknikkar som er anerkjent for den muskulære avslappinga dei gir. Intense bevegelsar, oppvarming med elting og strekking, kombinert med avslappande isbobler, gir ein symfoni av varmeveksling på overflata av huda. Avslappande varme og friskleik følgjer kvarandre, for å frigjere stress og harmonisere og balansere kroppen. Dette sparitualet inkluderer også kroppsskrubb og hydrabad.

    Lengde: 110 min.

    Pris i NOK: 2400,-

    Legg til bestilling
  • Tøffingen

    Sjølv om nesten alle behandlingar passar for menn, har vi sett saman ein pakke spesielt for deg kjære mann. Vi startar med vår signaturbehandling ”Aqua skrubb” som er forfriskande og revitaliserande for huda, etterfølgd av ein djup kroppsmassasje som gir næring og fukt til huda og stimulerer blodsirkulasjonen og roar spente musklar.

    * Passar også for tøffe damer.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1770,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Ansiktsbehandling Thalgomann Ocean Ritual (25 min.)

    Ta denne mini- eller klassiske ansiktsbehandlinga i tillegg for å runde av denne pakken. Spesielt laga for å roe, lækje og behandle huda.

    * NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 390,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Ansiktsbehandling Thalgomann Ocean Ritual (50 min.)

    Ta denne mini- eller klassiske ansiktsbehandlinga i tillegg for å runde av denne pakken. Spesielt laga for å roe, lækje og behandle huda.

    *NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 760,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Hydroterapibad for han (20 min.)

    For verkeleg å gjere denne pakken uforgløymeleg, er det best å inkludere eit av våre fire hydroterapibad som førebur huda til å få full nytte av produkta våre.

    *NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 390,-

    Legg til bestilling

ANSIKTSBEHANDLINGAR

  • Klassisk ansiktsbehandling

    Ei personleg tilpassa ansiktsbehandling der vi fokuserer på reins og peeling. Behandlinga held fram med djupreins eller ansiktsmassasje, lett hovudbotnmassasje og ei ansiktsmaske tilpassa hudtypen din. Vi avsluttar med tilpassa dagkrem for auge, ansikt og hals.

    *Denne behandlinga passar alle aldrar og hudtypar.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1050,-

    Legg til bestilling
  • De Luxe ansiktsbehandling med dobbel maske

    Ansiktsbehandling med ei maske spesialtilpassa huda di innerst og Marine Infusion Mask over for maksimal effekt. Produkta blir valde etter huda di sine behov; fuktigheit til dehydrert hud, næring til veldig tørr, sensitiv og fettfattig hud eller antiinflammatorisk betennelsesdempande og poresammentrekkande produkt for aknehud.

    Lengde: 70 min.

    Pris i NOK: 1490,-

    Legg til bestilling
  • Quick Fix ansiktsbehandling

    Ei mini ansiktsbehandling som gjer huda di takknemleg. La huda og kroppen slappe heilt av. Det er ei  herleg behandling som kan kombinerast med andre behandlingar som eit tillegg, eller heilt åleine viss du har lita tid. Inkluderer reins, peeling, lett hovudbotnmassasje og ansiktsmaske, avslutta med ein krem tilpassa hudtypen din.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Thalgomen Ocean Ritual (25 min.)

    Enten målet er å gi fukt, fornye, redusere irritasjon eller reinse, gir denne behandlinga ei skreddarsydd løysing for menn si hud. Den er rik på Algue Bleue Vitale-ekstrakt, eit konentrat som gir energi til cellene, kombinert med avslappande massasje, og oppfyller alle behova til menn si hud. Huda får ny energi og blir perfekt balansert. 

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Thalgomen Ocean Ritual (50 min.)

    Enten målet er å gi fukt, fornye, redusere irritasjon eller reinse, gir denne behandlinga ei skreddarsydd løysing for menn si hud. Den er rik på Algue Bleue Vitale-ekstrakt, eit konentrat som gir energi til cellene, kombinert med avslappande massasje, og oppfyller alle behova til menn si hud. Huda får ny energi og blir perfekt balansert. 

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1050,-

    Legg til bestilling

KROPPSBEHANDLINGAR Hender og Føter

  • Cold Cream Marine hand behandling

    Hendene er eit område som er utsett for stress i kvardagen og treng stell. The Art of Massage - feiande slag, elting, tøying - verkar ilag med effektiviteten av Deeply Nourishing Hand Cream og Cold Cream Marine. Dette er oppskrifta for unik pleie og reparasjon.

    * For dei som leitar etter ei 2-i-1 behandling: massasje og komfort for skada hender

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Spa-pedikyr

    Vi startar med mjukgjerande peeling av føter, etterfølgd av eit varmt fotbad og nagle- og naglebandspleie. Vi filar vekk tørr hud og polerer føtene silkemjuke. Avslutning med ein herleg avslappande massasje for føtene.

    Merk at det kun er spa-pedikyr som vert utført, ikkje terapeutisk pedikyr. 

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1050,-

    Legg til bestilling
  • Luksuspedikyr med innpakking

    Denne klassiske terapeutiske pedikyren med ekstra fotmassasje vil definitivt gi deg ei herleg kjensle av luksus. Vi brukar "hot boots", og føtene blir innpakka i fuktgivande krem. "Hot boots" er elektrisk oppvarma tøfler som gir ei terapeutisk varmebehandling til føter. Aukar sirkulasjonen og gir ein optimal og langvarig verknad av produkta. Merk at det kun er kosmetisk behandling som vert utført. 

    Lengde: 75 min.

    Pris i NOK: 1290,-

    Legg til bestilling
  • CND SHELLAC som tillegg til pedikyr

    Dette er den originale og einaste naglelakken som gir deg 14 dagar med førsteklasses ripefri farge, uansett kva du måtte drive med. Lakken har ingen tørketid og blir blank og fin. Etter ein tørr pedikyr skyv vi tilbake naglebanda og formar neglene. Nagleoverflata blir førebudd med "Scrub Fresh" - eit produkt som hjelper naglelakken å sitje betre. Så underlakk, to lag med farge etter ditt val, og til slutt ein overlakk som blir herda under ei CND LED lampe. Som eit siste steg tilset ein CND Solar Oil for å gi dei fukt.

    * Hugs å seie frå dersom du treng å fjerne gammal shellac før vi legg på ny, då dette tek ekstra tid, opptil 20 minutt avhengig av kva type farge/merke du har frå før.

    * French Shellac er dessverre ikkje tilgjengeleg hos oss.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 250,-

    Legg til bestilling
  • Fjerning av gammal CND Shellac som tillegg til pedikyr

    Fjerning av gammal Shellac

    Lengde: 10-25 min.

    Pris i NOK: 170,-

    Legg til bestilling
  • Legg på naglelakk som tillegg til pedikyr

    Neglelakk i tillegg til din manikyr eller pedikyr. CND Vinylux™ er eit revolusjonerande neglelakksystem som tilbyr varige lakkar med høg glans som varer lenger enn vanlege neglelakkar. Eit innovativt system gjer at ein ikkje treng underlakk. Overlakken som blir brukt I denne behandlinga blir meir varig dersom den tørkar i naturleg lys.

    NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL PEDIKYR

    Lengde:

    Pris i NOK: 160,-

    Legg til bestilling
  • Cold Cream Marine fotbehandling

    Massasje av føtene gir ei djup kjensle av velvære og roar nervane godt. Denne massasjen, kombinert med den silkemjuke strukturen frå Deeply Nourishing Foot Cream, er den perfekte behandlinga for avslapping.

    * For dei som leitar etter ei 2-i-1 behandling: massasje og komfort for skada føter

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling

KROPPSBEHANDLINGAR Bad

Prøv vårt luksusmassasje badekar! Dukk ned i eit eldorado av luft- og vatnvirvlar, edle og velgjerande dufter og slapp av med eit fantastisk fargespel. 252 jetdyser er tilpassa kroppens reflekssoner, og gir ein unik massasje. Akkurat slik som erfarne terapeutar ville ha gjort det, startar massasjen på føtene og endar opp i nakken i gjentakande intervall. Fargane har ein terapeutisk innverknad, og badet er kjelda til total avslapping. Du kan velje mellom:

  • Algebad

    Massasjebad med mikroniserte marine algar som roar stress og lindrar mudkelspenningar, revmatiske plager og leddplager. Utreinsande, slankande og cellulittbekjempande.

    NB – denne behandlinga passar ikkje for dei som har problem med skjoldbruskkjertelen.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling
  • Mer des Indes mjølkebad

    Dette melkebadet vekker sansane og pakkar huda inn i mjuke, pudderaktige toner.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling
  • Blue Lagoon bad

    I dette badet blir det laga hundrevis av mikroskopiske bobler som frigjer aktive ingrediensar for pleie og fukt til huda. Den azurblå fargen og den friske dufta gir ei herleg kjensle.

    * Perfekt bad for HAN

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling
  • Merveille Arctique bad

    Her gyngar du inn i bølgjene frå vannmassasjebadet og blir berusa av dei avslappande duftene frå Merveille Arctique-dufta, medan du kan drøyme deg bort til dei varme kjeldene på Island.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling
  • Atlantic bad

    Innhylla i ein kremaktig balsam med en grønt Olivine-skimmer, stig du oppi eit varmt hydro-masserande bad som gradvis blir til eit fuktgivande mjølkebad.

    *Anbefalt kun for damer

    Lengde: 20 mins.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling

PEELING / SKRUBB

  • Thalgo Revitaliserande Marine Skrubb

    Denne behandlinga er ein perfekt introduksjon til kroppspleie. Denne milde, effektive og krema kroppsskrubben fjernar daude hudceller, og er eigna for sjølv den mest følsomme huda. Etter at eksfoliatoren er fjerna, blir det gjort ei fuktgivande påføring av mjukgjerande kroppskrem. Har litt kjølande effekt.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Peeling med ingefær

    Eksfolierer og beroliger huda og pakkar den inn i ein duftande nærande lett film. Inkluderer ingefærpulver, indiske rødalger, ayurvediske essensielle oljer, sukker og salt.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Eksotisk kropps skrubb

    Ein delikat og aromatisk saltskrubb med nærande oljar som rensar huda. Tilrådd for kvinner som ønskjer silkemjuk hud over heile kroppen. Inneheld sand frå Bora Bora, kokosnøttskall, Monoï olje, vanilje Tahitensis og jojoba olje.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Merveille Arctique kroppsskrubb

    Behageleg reinsande skrubb som gjer huda vidunderleg mjuk og fløyelsaktig. Passar for alle hudtypar. Berusande duft av Magic Snow med notar av kvite blomar. Inneheld Boreal algar og 3 forskjellige typar eksfolierande salt, rik på magnesium, for å gjere huda mjuk og glatt og ha ein roande effekt på kroppen.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Atlantic kroppsskrubb

    Denne skrubben er subtil rosa og duftande og kombinerer rosa sand med delikate kvite kvartskrystallar for å skrubbe og rense huda forsiktig. I eit trinn blir huda glatta, tona, mjuk og strålande.

    * Passar også for sensitiv hud.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Aqua skrubb

    Svært forfriskande peeling med havsalt og essensielle oljar som fornyar, mjukgjer og fuktar huda. Dette er ein litt “røffare” peeling, som spesielt passar for menn og dei som likar ein verkeleg forfriskande skrubb.

    NB! Ikkje tilrådd for sensitiv eller tørr hud, eller etter barbering / voksing.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling

MASSASJE

  • Roande Aroma massasje

    Denne lette kroppsmassasjen skal løyse opp spenningar og roe nervesystemet. Vi nyttar naturlege massasjeoljar blanda med spesielle essensielle oljar etter din smak.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1160,-

    Legg til bestilling
  • Roande DUO massasje

    Ein full kroppsmassasje, delt med nokon du vil slappe av ilag med. Vi nyttar naturlege massasjeoljar blanda med essensielle aromatiske oljar etter ditt behov.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 2320,-

    Legg til bestilling
  • Klassisk Svensk massasje

    Ein djupare, god kroppsmassasje som kan redusere smerter, hjelpe stive ledd, samt betre sirkulasjonen.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1210,-

    Legg til bestilling
  • Klassisk DUO massasje

    Ein full klassisk svensk kroppsmassasje, delt med nokon du vil slappe av ilag med.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 2420,-

    Legg til bestilling
  • Steinmassasje

    Ei herleg behandling der vi tilfører varme. Kombinasjonen av massasje med lange bevegelsar og varme vulkaniske basalt steinar roar ned område med oppbygd stress. Varme steinar blir plassert på spesielle punkt på kroppen for å gjenvinne fysisk og psykisk balanse og velvære. 

    Lengde: 70 min.

    Pris i NOK: 1550,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg til steinmassasje: Skreddarsydd kroppsskrubb

    Ta massasjen til eit anna nivå, og legg til ein skreddarsydd kroppsskrubb.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 390,-

    Legg til bestilling
  • Mahana Massasje - avslappande massasje

    Rytmisk massasje for heile kroppen. Tøyposar med varm sand gir ei kjensle av avslapping og ottal flukt frå kvardagen.

    * Også tilgjengeleg som eit komplett spa rituale: Pasific Spa Ritual (110 min.)

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1290,-

    Legg til bestilling
  • Merveille Arctique massasje med isbobler - djupt avslappande massasje

    Denne eksklusive massasjen er inspirert av svensk massasje og djupvevsmassasje, to viktige teknikkar kjent for muskelavslappinga dei gir. Intens massasje, oppvarming, elting og strekkrørsler blir kombinert med avslappande massasjeballar. Avslappande varme vekslar med styrkjande friskleik for å frigjere spenningar, redusere stress og gi kroppen harmoni og balanse.

    * Også tilgjengeleg som eit komplett spa rituale. Merveille Arctique Spa Ritual (110 min.)

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1160,-

    Legg til bestilling
  • Rygg- og nakkemassasje

    Ein terapautisk massaje av rygg, nakke og skuldermusklar. Behandlinga skal roe og løyse opp spenningar og lindre verkande musklar.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Hovudbotn massasje

    Roande men likevel energigivande sidan hovudbotnen blir massert med fokus på triggerpunkta, for å lindre og stimulere sirkulasjonen i hovudbotnen. Tilrådd for dei som er plaga av hovudverk.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 620,-

    Legg til bestilling
  • Avslappande fotmassasje

    Denne massasjen for føtter, anklar og nedre del av leggen mjukgjer og revitaliserer trøtte, såre og “gløymde” føter. Perfekt massasje etter ein lang spasertur eller ein dag der du har stått og gått mykje.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 620,-

    Legg til bestilling
  • Massasje for gravide 25 min.

    Denne massasjen gir nærande hjelp til huda og djupt roande pleie. Vi nyttar teknikkar for å redusere stress og smerter i rygg, skuldre, hofter, kne og føter.

    * Må berre nyttast etter at 12 veker er gått.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 660,-

    Legg til bestilling
  • Massasje for gravide 50 min.

    Denne massasjen gir nærande hjelp til huda og djupt roande pleie. Vi nyttar teknikkar for å redusere stress og smerter i rygg, skuldre, hofter, kne og føter.

    * Må berre nyttast etter at 12 veker er gått.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1160,-

    Legg til bestilling

INNPAKKINGAR

  • Cold Cream fuktgivande innpakking

    Verkeleg ei djupt fuktande behandling for tørr og svært tørr hud. Vi startar med ein forsiktig men effektiv krema kroppsskrubb, som fjernar daude hudceller, så påføring av varm kroppskrem som gir huda intensiv fuktgivande pleie og gjenopprettar balansen i huda.

    * Også tilrådd etter intesiv soling eller for hud som er skada av sola.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1210,-

    Legg til bestilling
  • Algeinnpakning / Algeinnpakking med kalsium

    Dette er den originale algeinnpakkinga med 100 % mikroniserte sjøalgar. Ei avslappande behandling der kroppen blir smurt inn med Thalgo sine patenterte marinealgar og pakka inn i oppvarma teppe. Deretter blir hovudbotn og ansikt forsiktig massert og frigjort frå stress. Denne behandlinga set i gong blodsirkulasjonen, regulerer metabolismen og lindrar leddsmerter. Er avgiftande og slankande og betrar huda.

    * Er bra for fjerning av avfallsstoff og generell velvære, for nybakte mødre som ønskjer å gjenvinne figuren, for vektreduksjon og reduksjon av ”steile” cellulittar.

    * Ikkje for gravide eller personar med sjukdom i skjoldbruskkjertelen, eller dei som er følsomme overfor jod.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1330,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg til algeinnpakking: Skreddarsydd kroppsskrubb

    Ta innpakkinga til eit anna nivå, og legg til ein skreddarsydd kroppsskrubb.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 390,-

    Legg til bestilling
  • Thalgo Aromaceane kroppsinnpakking med hovudbotnmassasje

    Denne behandlinga kombinerer ei kroppsinnpakking med hovudbotnmassasje for betre helse og velvære. Den er for alle som ønskjer total avslapping, stressreduksjon eller lindring av vonde ledd og musklar. Dødehavsgjørme er ekstremt rik på minaralar som magnesium og kalsium, roar kroppen og løyser opp stive musklar og ledd. Kombinert med havsalt-massasje fjernar denne behandlinga daude hudceller, hjelper ru hud og er forfriskande for heile kroppen.

    * Dette er ei perfekt behandling før ferie, eller for dei som er sensitive overfor jod.

    Lengde: 70 min.

    Pris i NOK: 1330,-

    Legg til bestilling
  • Frigi Thalgo kroppsinnpakking 50 min

    Frigi Thalgo kroppsinnpakking. Oppdag Thalgo si berømte kjølande algeinnpakking for behandling av cellulitar og trøtte, tunge og hovne bein, som gir hurtige resultat. Vi startar med peeling for å førebu huda for denne intensive behandlinga. Så blir bein og mage innpakka i spesielle bandasjar av bombullsstoff, som er gjennomtrekte av ein lotion med Thalgo-patentert tang-ekstrakt, mentol og aktive ingrediensar. Dette forbetrar blodsirkulasjonen, og regulerer væskebalansen. Den kraftige forbetringa av blodsirkulasjonen gjer behandlinga utruleg effektiv på å fjerne overskotsvæske og giftstoff frå hofter og lår. Det er ein perfekt kick-start på ein slankekur. * Dette er ei kald behandling. Den kan ikkje brukast ved graviditet, og passar ikkje for dei som har problem med skjoldbruskkjertelen. Leggar bør heller ikkje vere nybarberte, for å unngå irritasjon.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1210,-

    Legg til bestilling