SPA-PAKKAR

  • Indoceane

    Lat att auga og drøym deg vekk på ei herleg avslappande reise via Middelhavet, Egypt, India og Kina! Denne mest sanselege av alle behandlingar startar med ein Middelhavs-inspirert kroppspeeling som mjukgjer og klargjer huda før eit roande egyptisk mjølkebad. Etterpå nyt du ein Ayurveda inspirert massasje med varme oljar etter ein gammal indisk teknikk. Siste trinn på reisa er ei silkemjuk roande kroppsinnpakking med element frå Orienten. Ei uforgløymelig oppleving – spesielt for damene!

    Lengde: 2,5 timar

    Pris i NOK: 2500,-

    Legg til bestilling
  • Polynesia

    Ei overraskande reise gjennom Stillehavet. Fire sanselege stopp på polynesiske øyar verkar utreinsande på kroppen, og etterlet den fornya og totalt avslappa. Denne luksøriøse behandlinga startar med ein vanilje kroppspeeling, blanda med rein kvit sand frå Bora Bora, havsalt, kokosnøttskal og alge monoï. Etterpå nyt du eit Blue Lagoon hydroterapibad som gjer huda di herleg silkemjuk. Neste steg er eit besøk på Bora Bora for ein utsøkt og kraftfull Mahana massasje der varme sandputer gjer deg heilt avslappa og etterlet huda di glødande med eit snev av perlemor.

    Lengde: 2 timar

    Pris i NOK: 1950,-

    Legg til bestilling
  • Snart Mamma

    På reisa til å bli mor veit vi at du treng å bli skjemt litt ekstra bort, etterkvart som kroppen gjennomgår spennande endringar. I denne gode pakken for mor og barn, får du først ein forsiktig kroppspeeling, som mjukgjer og gir næring til huda, etterfølgd av ein forsiktig massasje spesielt for gravide. Denne skal roe og redusere stress punkta, og blir avslutta med ei ansiktsbehandling med økologiske produkt frå Thalgo. * Ein må ha passert 12 veker ved massasje. Behandlinga er også ideell for dei som er ferdig med graviditeten og for dei som ammar.

    Lengde: 2,5 timar

    Pris i NOK: 2150,-

    Legg til bestilling
  • Tøffingen

    Sjølv om nesten alle behandlingar passar for menn, har vi sett saman ein pakke spesielt for deg kjære mann. Vi startar med vår signaturbehandling ”Aqua skrubb” som er forfriskande og revitaliserande for huda, etterfulgt av ein djup kroppsmassasje som gir næring og fukt til huda og stimulerer blodsirkulasjonen og roar spente musklar.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1450,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Ansiktsbehandling mann 25 min.

    Ta denne mini- eller klassiske ansiktsbehandlinga I tillegg for å runde av denne pakken. Spesielt laga for å roe, heile og behandle huda. NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 300,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Ansiktsbehandling mann, 50 min.

    Ta denne mini- eller klassiske ansiktsbehandlinga I tillegg for å runde av denne pakken. Spesielt laga for å roe, heile og behandle huda. NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 600,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Hydroterapibad for han

    For verkeleg å gjere denne pakken uforgløymeleg, er det best å starte med eit av våre fire hydroterapibad som førebur huda til å få full nytte av produkta våre. NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL "TØFFINGEN" !

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 300,-

    Legg til bestilling
  • Lovatn

    Ta eit bad i det forfriskande Lovatnet, og nyt ein alge kroppspeeling, etterfølgt av ein svert roande stein massasje med vulkaniske basalt steinar for djup og herleg avslapping.

    Lengde: 2 timar

    Pris i NOK: 1600,-

    Legg til bestilling
  • Skåla

    Etter ein tur på Skåla er det ikkje noko som passar betre enn eit herleg fotbad, etterfølgt av ein velgjerande lang kroppsskrubb. Deretter ein god og djup massasje av bein og føter, før vi avsluttar med ein spesielt kjølande gelé for "fjørlette" bein.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1450,-

    Legg til bestilling
  • Via Ferrata

    Gratulerer! Du klarte det... Via Ferrata er vår mest populære oppleving med fantastisk utsikt frå Hoven. Etter hardt arbeid med musklar i armar og bein, treng du den rette omsorgen. Start med eit varmt bad, som førebur den djupe massasjen av armar, skuldrar, hovudbotn og føter.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1450,-

    Legg til bestilling
  • Alexandra drøymedag

    Unn deg sjølv eller den eine spesielle personen ei heildags spa-oppleving. Perfekt avslapping frå hovud til tå med eit utval av alle dei beste behandlingane våre – roande, forfriskande og revitaliserande ! Denne opplevinga startar med eit roande varmt bad for å førebu huda di og balansere sinnet, etterfulgt av ein forfriskande heil kroppspeeling og innpakking etter val – vi tek omsyn til dine behov. Vidare ein avslappande kroppsmassasje for å mjukgjere og gjennomfukte huda di. Nyt ei reinsande og fuktgivande ansiktsbehandling, avslutta med litt luksus for føter og hender. Inkluderer Spa-lunsj. * Lurt å bestille Drømmedagen på førehand, slik at vi kan skreddarsy dagen etter dine ønskje og behov, slik at du får mest mogleg ut av denne uforgløymeleg opplevinga.

    Lengde: Ca 6 timar

    Pris i NOK: 4100,-

    Legg til bestilling

ANSIKTSBEHANDLINGAR

  • Klassisk ansiktsbehandling

    Ei personleg tilpassa ansiktsbehandling der vi fokuserer på rens og peeling. Behandlinga held fram med djuprens og lett hovudbotnmassasje, og ei ansiktsmaske tilpassa din hudtype. Vi avsluttar med tilpassa dagkrem for auge, ansikt og hals. For dei økologisk bevisste eller gravide tilrår vi sertifiserte Terre & Mer økologiske produkt. Denne behandlinga passar alle aldrar og hudtypar.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling
  • Tillegg: Booster ansikt

    Dette er eit tillegg til klassisk ansiktsbehandling for endå betre resultat med tanke på rynker, dehydrert, sensitiv, svert tørr hud eller problemhud. Her blir huda di behandla med spesialprodukt, brukt av profesjonelle. NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL ANSIKTSBEHANDLING !

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 400,-

    Legg til bestilling
  • De Luxe ansiktsbehandling

    Dette er klassisk ansiktsbehandling med ekstra luksus. Velg mellom forming av augebryn, augebehandling, ekstra massasje eller lett makeup.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1050,-

    Legg til bestilling
  • Eksepsjonell ansiktsbehandling

    Her brukar vi vitskapleg utvikla og prisvinnande antialdringsprodukt frå Thalgo. Produkta er basert på naturlege algehormonar. Med ”botox-liknande” effekt frå Arigiline, og den anti-aldrande ingrediensen Matrixyl. blir aldringsprosessen reversert på ein måte ingen andre kremar kan. Dette er verkeleg ei ansiktsbehandling med svert gode resultat. Huda blir synleg mjukare, klårare, oppstramma og gjennomfukta.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1550,-

    Legg til bestilling
  • Quick fix ansiktsbehandling

    Ei mini ansiktsbehandling som gjer huda di takknemleg. La huda og kroppen slappe heilt av. Det er herleg behandling som kan kombinerast med andre behandlingar som eit tillegg, eller heilt åleine viss du har lita tid. Inkluderer rens, peeling, lett hovudbotnmassasje og ansiktsmaske, avslutta med ein krem tilpassa din hudtype.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Augebehandling

    Opplev ein personleg tilpassa rens av huda, med spesiell vekt på augene. Vi brukar ei spesiallaga digital augemaske frå Thalgo rundt augene, som er oppkvikkande og reduserer rynker. Dynamisk vibrasjon løyser spenningar og førebyggjer hovne auger og mørke ringar. Vi spelar roleg musikk spesielt utvald for denne behandlinga. Augemaska er skreddarsydd dine behov, enten du strevar med rynker eller hovne auge.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Augebehandling som tilleggsbehandling

    Tillegg til andre ansiktsbehandlingar. Personleg tilpassa rens av huda, med spesiell vekt på augene. Vi brukar ei spesiallaga digital augemaske frå Thalgo rundt augene, som er oppkvikkande og reduserer rynker. Dynamisk vibrasjon løyser spenningar og førebyggjer hovne auger og mørke ringar. Vi spelar rolig musikk spesielt utvald for denne behandlinga. Augemaska er skreddarsydd til dine behov, anten du strevar med rynker eller hovne auge.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 400,-

    Legg til bestilling

KROPPSBEHANDLINGAR Hender og Føter

  • Manikyr

    Vi startar med analyse av negler, peeling av hender og negle- og neglebandspleie. Behandlinga held fram med herlig massasje av hendene med handkrem for trøtte og tørre hender. Vi avsluttar med eit individuelt behandlingsprodukt.

    Lengde: 50 minutt

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling
  • Pedikyr

    Vi startar med mjukgjerande peeling av føter, følgt av eit varmt fotbad og negle- og neglebandspleie. Vi filar vekk tørr hud og polerer føtene silkemjuke. Avslutning med ein herleg avslappande massasje for føtene.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling
  • Luksuspedikyr

    Denne klassiske terapeutiske pedikyren med ekstra fotmassasje vil definitivt gi deg ei herleg kjensle av luksus. Vi brukar “hot boots”, og føtene blir innpakka i fuktgivande krem. ”Hot boots” er elektrisk oppvarma tøfler som gir ei terapeutisk varmebehandling til føter. Aukar sirkulasjonen og gir ein optimal og langvarig verknad av produkta.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1050,-

    Legg til bestilling
  • CND Shellac på føter eller hender

    Dette er den originale og einaste neglelakken som gir deg 14 dagar med førsteklasses ripefri farge, uansett kva du måtte drive med. Lakken har ingen tørketid og blir blank og fin. Etter ein tørr manikyr / pedikyr skyv vi tilbake neglebanda og formar neglene. Negleoverflata blir førebudd med “Scrub Fresh” – eit produkt som hjelper neglelakken å sitte betre. Så underlakk, to lag med farge etter ditt val, og til slutt ein overlakk som blir herda under ein UV lampe. Som eit siste steg tilset ein CND Solar Oil for å gi dei fukt. * Hugs å sei ifrå dersom du treng å fjerne gammal shellac før vi legg på ny, då dette tek ekstra tid.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling
  • Legg på neglelakk

    Legg på neglelakk i tillegg til din manikyr eller pedikyr. CND Vinylux™ er eit revolusjonerande neglelakk system som tilbyr varige lakkar med høg glans som varer lenger enn vanlige neglelakkar. Eit innovativt system gjer at ein ikkje treng underlakk. Overlakken som blir brukt I denne behandlinga blir meir varig dersom den tørkar i naturleg lys. NB - KAN KUN BESTILLAST SOM TILLEGG TIL MANIKYR / PEDIKYR !

    Lengde:

    Pris i NOK: 149,-

    Legg til bestilling
  • Himmelske føter

    Du vil forelske deg i denne utsøkte fotbehandlinga ! Den er eit must dersom du ønskjer å roe ned trøtte føtter etter ein lang tur i fjella rundt oss, eller berre rett å slett ønskjer ei herleg fotbehandlng. Du blir bortskjemt med eit varmt fotbad og peeling. Deretter fotmassasje og ei spesiell kjølande fotmaske. * Er ikkje pedikyr. Også herleg for vordande mødre eller etter ein lang fjelltur.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling

KROPPSBEHANDLINGAR Bad

Prøv vårt luksusmassasje badekar ! Dukk ned i eit eldorado av luft- og vatnvirvlar, edle og velgjerande dufter og slapp av med eit fantastisk fargespel. 252 jetdyser er tilpassa kroppens reflekssoner, og gir ein unik massasje. Akkurat slik som erfarne terapeutar ville ha gjort det, startar massasjen på føtene og endar opp i nakken i gjentakande intervall. Fargane har ein terapeutisk innverknad på sinnet. Opplev det sjølv ! Dette badet er kjelda til total avslapping. Du kan velje mellom:

  • Algebad

    Massasjebad med mikroniserte marine algar som roar stress og lindrar mudkelspenningar, revmatiske plager og leddplager. Utreinsande, slankande og cellulittbekjempande. NB – denne behandlinga passar ikkje for dei som har problem med skjoldbruskkjertelen.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 495,-

    Legg til bestilling
  • Blue Lagoon bad

    I dette badet blir det laga hundrevis av mikroskopiske bobler som frigjer aktive ingrediensar for pleie og fukt til huda. Den azurblå fargen og den friske dufta gir ei herleg kjensle.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 495,-

    Legg til bestilling
  • Indoceane mjølkebad

    Gjer som Kleopatra ! Dette er eit krema, sensuelt mjølkebad med duft av musk og rikt på QI alge og Sacred Lotus. Spenningar forsvinn, og kroppen blir hylla inn i eit skimrande slør

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 495,-

    Legg til bestilling
  • Oljebad

    Ein nøytral olje blir brukt som mjukgjerande base for ein olje spesialtilpassa for huda di. Vel mellom reinsande, slankande, roande, avspennande og energigivande oljar.

    Lengde: 20 min.

    Pris i NOK: 495,-

    Legg til bestilling

PEELING / SKRUBB

  • Aquatic skrubb

    Svært forfriskande peeling med havsalt og essensielle oljar som fornyar, mjukgjer og fuktar huda. Dette er ein litt “røffare” peeling, som spesielt passar for menn og dei som likar ein verkeleg forfriskande skrubb. NB! Ikkje tilrådd for sensitiv eller tørr hud, eller etter barbering / voksing.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Alge skrubb

    Ei spesiell blanding av mikroniserte algar, fint havsalt og eksklusiv massasjeolje gir huda næring og etterlet den silkemjuk og frisk. Tilrådd som ei behandling før massasje med steinar.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Descomask skrubb

    Ein forsiktig med effektiv peeling som passar alle hudtypar, også sensitiv og tynn hud. Hjelper til å bli kvitt daude hudceller, gjer huda mjuk og førebur den for skreddarsydde hudpleie produkt.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Eksotisk kropps skrubb

    Ein delikat og aromatisk saltskrubb med nærande oljar som rensar huda. Tilrådd for kvinner som ønskjer silkemjuk hud over heile kroppen. Inneheld sand frå Bora Bora, kokosnøttskall, Monoï olje, vanilje Tahitensis og jojoba olje.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Indoceane søt og lett krydra kropps skrubb

    Ein fantastisk peeling for heile kroppen. Huda blir herleg silkemjuk, tilført næring og nydelege dufter frå essensielle oljar av sitrusfrukter frå Middelhavet. Den oljete mixen av saltkorn og smeltande sukker gir næring til huda i tre forskjellige steg og etterlet den glatt som sateng.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling

MASSASJE

  • Roande Aroma massasje 50 min.

    Denne lette kroppsmassasjen skal løyse opp spenningar og roe nervesystemet. Vi nyttar naturlege massasjeoljar blanda med spesielle essensielle oljar etter din smak.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 950,-

    Legg til bestilling
  • Roande Aroma massasje 80 min.

    Denne lette kroppsmassasjen skal løyse opp spenningar og roe nervesystemet. Vi nyttar naturlege massasjeoljar blanda med spesielle essensielle oljar etter din smak.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1300,-

    Legg til bestilling
  • Klassisk massasje

    Ein djupare, god kroppsmassasje som kan redusere smerter, hjelpe stive ledd, samt betre sirkulasjonen.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 990,-

    Legg til bestilling
  • Steinmassasje

    Ei herleg behandling der vi tilfører varme. Kombinasjonen av massasje med lange bevegelsar og varme vulkaniske basalt steinar roar ned område med oppbygd stress. Varme steinar blir plassert på spesielle punkt på kroppen for å gjenvinne fysisk og psykisk balanse og velvære.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 990,-

    Legg til bestilling
  • Massasje med steinar og skreddarsydd kropps skrubb

    Ei herleg behandling der vi tilfører varme. Kombinasjonen av massasje med lange bevegelsar og varme vulkaniske basalt steinar roar ned område med oppbygd stress. Varme steinar blir plassert på spesielle punkt på kroppen for å gjenvinne fysisk og psykisk balanse og velvære. Ta massasjen til eit heilt anna nivå og legg til ein skreddarsydd kroppsskrubb

    Lengde: 75 min.

    Pris i NOK: 1290,-

    Legg til bestilling
  • Rygg- og nakkemassasje

    Ein terapautisk massaje av rygg, nakke og skuldermusklar. Behandlinga skal roe og løyse opp spenningar og lindre verkande musklar.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Hovudbotn massasje

    Roande men likevel energigivande sidan hovudbotnen blir massert med fokus på triggerpunkta, for å lindre og stimulere sirkulasjonen i hovudbotnen. Tilrådd for dei som er plaga av hovudverk.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 530,-

    Legg til bestilling
  • Avslappande fotmassasje

    Denne massasjen for føtter, anklar og nedre del av leggen mjukgjer og revitaliserer trøtte, såre og “gløymde” føter. Perfekt massasje etter ein lang spasertur eller ein dag der du har stått og gått mykje.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 530,-

    Legg til bestilling
  • Duomassasje

    Ein full kroppsmassasje, delt med nokon du vil slappe av ilag med. Vi nyttar naturlege massasjeoljar blanda med esensielle aromatiske oljar etter ditt behov.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 1900,-

    Legg til bestilling
  • Levande lys massasje

    VIP oppleving med spesielt designa massasjelys av høgste kvalitet, laga av naturlege ingrediensar og sjølvsagt utan parabenar. Når lysa er tent, blir voksen smelta til ein delikat massasjeolje. Dufta frå desse lysa gjer behandlinga di endå meir luksuriøs og tilfredsstillande.

    Lengde: 75 min.

    Pris i NOK: 1250,-

    Legg til bestilling
  • Massasje for gravide 25 min.

    Denne massasjen gir nærande hjelp til huda og djupt roande pleie. Vi nyttar teknikkar for å redusere stress og smerter i rygg, skuldre, hofter, kne og føter. * Må berre nyttast etter at 12 veker er gått.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 550,-

    Legg til bestilling
  • Massasje for gravide 50 min.

    Denne massasjen gir nærande hjelp til huda og djupt roande pleie. Vi nyttar teknikkar for å redusere stress og smerter i rygg, skuldre, hofter, kne og føter. * Må berre nyttast etter at 12 veker er gått.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 950,-

    Legg til bestilling

INNPAKKINGAR

  • Fuktgivande innpakking

    Verkeleg ei djupt fuktande behandling for tørr og svært tørr hud. Vi startar med ein forsiktig men effektiv krema kroppsskrubb, som fjernar daude hudceller, så påføring av varm kroppskrem som gir huda intensiv fuktgivande pleie og gjenopprettar balansen i huda. * Også tilrådd etter intesiv soling eller for hud som er skada av sola.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 950,-

    Legg til bestilling
  • *

    Vi anbefaler 6-12 behandlingar på alle kroppsinnpakkingar, for maks resultat.Ver venleg å gi beskjed dersom du har problem med skjoldbruskkjertelen eller er allergisk mot jod, slik at vi kan tilpasse behandlinga di.

    Lengde:

    Pris i NOK: 0,-

    Legg til bestilling
  • Djuptrensande ryggbehandling

    Ei spesialbehandling for problemhud på rygg og skuldre. Behandlinga startar med rens, peeling og djuprens for å fjerne ureinheiter frå porane, i kombinasjon med naturleg havalge-innpakking. Innpakkinga er rik på remineraliserande ingrediensar for å reinse og fjerne avfallsstoff frå huda, lækje den og gjere den mjuk Etter at innpakkinga er fjerna, gir vi lett massasje med passande hudprodukt

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 950,-

    Legg til bestilling
  • Algeinnpakning / Algeinnpakking med kalsium

    Dette er den originale algeinnpakkinga med 100 % mikroniserte sjøalgar. Ei avslappande behandling der kroppen etter peeling blir smurt inn med Thalgo sine patenterte marinealgar og pakka inn i oppvarma teppe. Deretter blir hovudbotn og ansikt forsiktig massert og frigjort frå stress. Denne behandlinga set i gong blodsirkulasjonen, regulerer metabolismen og lindrar leddsmerter. Er avgiftande og slankande og betrar huda. * Er bra for fjerning av avfallsstoff og generell velvære, for nybakte mødre som ønskjer å gjenvinne figuren, for vektreduksjon og reduksjon av ”steile” cellulittar. * Ikkje for gravide eller personar med sjukdom i skjoldbruskkjertelen, eller dei som er følsomme overfor jod.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1300,-

    Legg til bestilling
  • Thalgo Aromaceane 80 min. kroppsinnpakking med massasje

    Denne behandlinga kombinerer ei kroppsinnpakking med aromamassasje for betre helse og velvære. Den er for alle som ønskjer total avslapping, stressreduksjon eller lindring av vonde ledd og musklar. Dødehavsgjørme er ekstremt rik på minaralar som magnesium og kalsium, roar kroppen og løyser opp stive musklar og ledd. Kombinert med havsalt-massasje fjernar denne behandlinga daude hudceller, hjelper ru hud og er forfriskande for heile kroppen. * Dette er ei perfekt behandling før ferie, eller for dei som er sensitive overfor jod.

    Lengde: 80 min.

    Pris i NOK: 1400,-

    Legg til bestilling
  • Thalgo Aromaceane 110 min. kroppsinnpakking med massasje

    Denne behandlinga kombinerer ei kroppsinnpakking med aromamassasje for betre helse og velvære. Den er for alle som ønskjer total avslapping, stressreduksjon eller lindring av vonde ledd og musklar. Dødehavsgjørme er ekstremt rik på minaralar som magnesium og kalsium, roar kroppen og løyser opp stive musklar og ledd. Kombinert med havsalt-massasje fjernar denne behandlinga daude hudceller, hjelper ru hud og er forfriskande for heile kroppen. * Dette er ei perfekt behandling før ferie, eller for dei som er sensitive overfor jod.

    Lengde: 110 min.

    Pris i NOK: 1820,-

    Legg til bestilling
  • Frigi Thalgo kroppsinnpakking 50 min

    Frigi Thalgo kroppsinnpakking. Oppdag Thalgo si berømte kjølande algeinnpakking for behandling av cellulitar og trøtte, tunge og hovne bein, som gir hurtige resultat. Vi startar med peeling for å førebu huda for denne intensive behandlinga. Så blir bein og mage innpakka i spesielle bandasjar av bombullsstoff, som er gjennomtrekte av ein lotion med Thalgo-patentert tang-ekstrakt, mentol og aktive ingrediensar. Dette forbetrar blodsirkulasjonen, og regulerer væskebalansen. Den kraftige forbetringa av blodsirkulasjonen gjer behandlinga utruleg effektiv på å fjerne overskotsvæske og giftstoff frå hofter og lår. Det er ein perfekt kick-start på ein slankekur. * Dette er ei kald behandling. Den kan ikkje brukast ved graviditet, og passar ikkje for dei som har problem med skjoldbruskkjertelen. Leggar bør heller ikkje vere nybarberte, for å unngå irritasjon.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 950,-

    Legg til bestilling
  • Frigi Thalgo kroppsinnpakking 25 min. (tilleggsbehandling)

    Oppdag Thalgo si berømte kjølande algeinnpakking for behandling av cellulitar og trøtte, tunge og hovne bein, som gir hurtige resultat. Vi startar med peeling for å førebu huda for denne intensive behandlinga. Så blir bein og mage innpakka i spesielle bandasjar av bombullsstoff, som er gjennomtrekte av ein lotion med Thalgo-patentert tang-ekstrakt, mentol og aktive ingrediensar. Dette forbetrar blodsirkulasjonen, og regulerer væskebalansen. Den kraftige forbetringa av blodsirkulasjonen gjer behandlinga utruleg effektiv på å fjerne overskotsvæske og giftstoff frå hofter og lår. Det er ein perfekt kick-start på ein slankekur. * Dette er ei kald behandling. Den kan ikkje brukast ved graviditet, og passar ikkje for dei som har problem med skjoldbruskkjertelen. Leggar bør heller ikkje vere nybarberte, for å unngå irritasjon. NB - KAN BERRE BESTILLAST SOM TILLEGG TIL ANDRE BEHANDLINGAR !

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 300,-

    Legg til bestilling

LITT AV KVART

  • Voksing bein

    Voksing bein.

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Voksing ansikt

    Voksing ansikt

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Voksing bikinilinje

    Voksing bikinilinje

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Voksing bein og bikinilinje

    Voksing bein og bikinilinje

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 790,-

    Legg til bestilling
  • Voksing armar og armholer

    Voksing armar og armholer

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Voksing rygg

    Voksing rygg

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Voksing heile kroppen

    Voksing heile kroppen

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 790,-

    Legg til bestilling
  • Forming av augebryn

    Forming av augebryn

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Farging av augebryn

    Farging av augebryn

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Farging av augevippar

    Farging av augebryn

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 395,-

    Legg til bestilling
  • Forming og farging av augebryn og augevipper

    Forming og farging av augebryn og augevipper

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 790,-

    Legg til bestilling
  • Makeup

    Ein lett dag-makeup

    Lengde: 25 min.

    Pris i NOK: 495,-

    Legg til bestilling
  • Makeup for eit spesielt høve

    Makeup for eit spesielt høve, inkludert reins og peeling av ansikt.

    Lengde: 50 min.

    Pris i NOK: 850,-

    Legg til bestilling
  • Bryllaups makeup

    Dette er ein pakke som inkluderer prøve-makeup, ansiktsbehandling og utvald makeup for den store dagen.

    Lengde: 80 pluss 50 min.

    Pris i NOK: 1250,-

    Legg til bestilling