Spabestilling
Vi tilrår at du bestiller time i god tid på førehand. Ta gjerne kontakt med spa-resepsjonen som vil hjelpe deg med val av rett behandling. Aldersgrense for spabehandlingar er 12 år. Inngang i den separate spa-avdelinga har 18-års aldersgrense.

Spa-avdelinga er open dagleg frå 08.00 til 20.00. Tlf.: 57 87 50 83.

Frammøte og førebuing
Vi ber deg møte 10 minutt før spa-behandlinga, slik at vi kan gjere dei nødvendige førebuingar. Ver merksam på at sein ankomst vil redusere behandlingstida di, slik at det ikkje skal gå ut over våre andre gjester. Vi tilrår at du dusjar før kroppsbehandlingar. Menn bør også barbere seg få timar før ansiktsbehandlingar, for best resultat. Dersom du bur på hotellet har du badekåpe og tøfler på rommet. 

Spa-etikette
Spa-avdelinga skal ha ei roleg og avslappande atmosfære. Mobiltelefonar bør vere avslått under besøket, slik at du kan nyte behandlinga di utan forstyrrande avbrot.  

Medisinsk helsetilstand
Ver venleg å informere oss ved bestilling om spesielle ting ved helsetilstanden din - allergiar eller skader og eventuelle operasjonar dei siste seks månadene, som kan ha innverknad på behandlinga di. 

Graviditet
Vi har spesielle behandlingar for gravide og ammande. La oss hjelpe deg i valet av den beste behandlinga for deg. Massasjar er ikkje tilrådd i første trimesteret i graviditeten. 

Gåvekort
Kjøper du eit gåvekort hjå oss kan mottakaren nytte det som betaling for spabehandlingar, men også generelt på Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant, Loen Active og Loen Play. Gåvekort er gyldige i eit år frå kjøpsdato. Her kan du bestille gåvekort. 

Heimespa
Velg frå eit stort utval spa-, helse- og livsstilsprodukt i spabutikken vår.

Gruppebestillingar
Vi ønskjer grupper velkomne, og skreddarsyr gjerne eit program som passar alle. Det er viktig å bestille i god tid på førehand for å sikre dei beste løysingane. 

Avbestilling
Dersom du ikkje kan møte til timen, må du gje oss beskjed minst 24 timar før avtalen. Ved seinare avbestilling eller dersom du ikkje møter utan å ha gitt beskjed, vil du bli fullt ut belasta for behandlingane du hadde bestilt.

VELKOMEN TIL ALEXANDRA SPA.