Stryn Sommerski ligg på Strynefjellet, 45 km aust for Stryn sentrum. Skisenteret ligg langs fylkesvei 258 - kjent som "Gamle Strynefjellsveg" og er nasjonal turistveg.

Frå basen på 1080 m.o.h. tek ein stolheis deg opp til 1300 m.o.h. Her er det berre å nyte mjuke svingar i preparerte bakkar, tørr pudder eller slush-aktig sommarsnø.

3-5 preparerte nedfartar; blå, raud og grøn.

Stor parkeringsplass. 

Kafeteria med godt utval av kalde og varme rettar, øl og vin.

Skishop med skiutleige og skiservice.

Sjå meir info på strynsommerski.com